Foreldreapplikasjon: IST HOME skule/barnehage

IST HOME Skule/Barnehage - er appen kor du som føresett, på ein og same stad, får god oversikt over når ditt/dine barn er til stades på skule og i SFO/barnehage. Appen gjer den daglege kommunikasjonen mellom skule, SFO, barnehage og heim enklare.

Gjennom appen kan du som føresett til barn i SFO eller barnehage:

  • Registrere opphaldsplan
  • Melde fråvær og registrere fri/ferie
  • Registrere henteavtale
  • Kommunisere med personalet
  • Lese dagsaktuelle nyheiter frå eininga
  • Lese vekeplanar og anna relevant informasjon
  • Få tilgang til samtykke og søknader
  • Booke tid for utviklingssamtaler o.l.

Gjennom appen kan du som føresett til skuleelev:

  • Registrere fråvær
  • Sjå timeplan
  • Sjå eleven sine fag, lærarar, karakterar og merknader
  • Få oversikt over eleven sitt fråvær
  • Kommunisere med lærarar
  • Lese nyheiter frå skulen
  • Få tilgang til samtykke og søknader
  • Booke tid for utviklingssamtaler o.l.

Funksjonaliteten kan variere på dei ulike einingane. Ta kontakt med di eining dersom du har spørsmål eller oppdagar manglar.

Retningslinjer for kommunikasjon via IST Home for barnehage:

  • I IST Home kan du opprette ein chat med ein eller fleire tilsette. Chat-funksjonen skal hjelpe med organisering av kvardagen som t.d. tur, kle eller andre viktige beskjedar. 
  • Det er viktig at du ikkje sender sensitive opplysningar i chat. 
  • Fråvær melder du i IST Home. Takk for at de registrerer fråvær for dykkar barn innan kl….. 

Korleis komme i gong med IST HOME Skule/Barnehage?

  1. Last ned IST Home frå Appstore eller Google Play på din mobiltelefon.
  2. Logg inn med ID-porten (bankID/MinID).
  3. Sjekk at namnet til ditt/dine barn kjem fram i appen. Viss ikkje, ta kontakt med eininga.
  4. Pass på at du tillèt varsel frå applikasjonen, og aktiverer biometri som innloggingsmetode. Dette vil gjere den daglege bruken av applikasjonen enklare.
     

Sjå IST Home si heimeside for ytterlegare informasjon og brukarrettleiing