Foreldreapplikasjon: IST HOME skule/barnehageLytt til tekstenStopp avspillingIST HOME Skule/Barnehage - er appen kor du som føresett, på ein og same stad, får god oversikt over når ditt/dine barn er til stades på skule og i SFO/barnehage. Appen gjer den daglege kommunikasjonen mellom skule, SFO, barnehage og heim enklare.Gjennom appen kan du som føresett til barn i SFO eller barnehage:Registrere opphaldsplanMelde fråvær og registrere fri/ferieRegistrere henteavtaleKommunisere med personaletLese dagsaktuelle nyheiter frå einingaLese vekeplanar og anna relevant informasjonFå tilgang til samtykke og søknaderBooke tid for utviklingssamtaler o.l.Gjennom appen kan du som føresett til skuleelev:Registrere fråværSjå timeplanSjå eleven sine fag, lærarar, karakterar og merknaderFå oversikt over eleven sitt fråværKommunisere med lærararLese nyheiter frå skulenFå tilgang til samtykke og søknaderBooke tid for utviklingssamtaler o.l.Funksjonaliteten kan variere på dei ulike einingane. Ta kontakt med di eining dersom du har spørsmål eller oppdagar manglar.Retningslinjer for kommunikasjon via IST Home for barnehage:I IST Home kan du opprette ein chat med ein eller fleire tilsette. Chat-funksjonen skal hjelpe med organisering av kvardagen som t.d. tur, kle eller andre viktige beskjedar. Det er viktig at du ikkje sender sensitive opplysningar i chat. Fråvær melder du i IST Home. Takk for at de registrerer fråvær for dykkar barn innan kl….. Korleis komme i gong med IST HOME Skule/Barnehage?Last ned IST Home frå Appstore eller Google Play på din mobiltelefon.Logg inn med ID-porten (bankID/MinID).Sjekk at namnet til ditt/dine barn kjem fram i appen. Viss ikkje, ta kontakt med eininga.Pass på at du tillèt varsel frå applikasjonen, og aktiverer biometri som innloggingsmetode. Dette vil gjere den daglege bruken av applikasjonen enklare. Sjå IST Home si heimeside for ytterlegare informasjon og brukarrettleiing Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 12.10.2021 09.28 Sist endra 02.01.2024 11.37