Kognitiv åtferdsterapi rettar seg mot problemløysing og innsikt i samanhengen mellom tankar, handling og følelsar. Eit viktig mål er å bryte sjølvforsterkande sirklar som opprettheld utfordringane til barnet/ungdomen.
Søknadsskjema
Strevar barnet ditt?
Gjev barnet/ungdomen uttrykk for å vere meir engsteleg eller trist enn det som er vanleg?
I kognitiv åtferdsterapi lærer ein mestrings-ferdigheiter, slik ein kan takle stress, bekymringar og det å vere trist betre. Eksempel kan vere; forholdet til venner, å møte det ein fryktar, å løyse problema og å utvikle eit betre sjølvbilde.
Utfordringar med å uroe seg, oppstår ofte tidleg i livet. Når uroa byrjar å styre kvardagen, kan det skape ulike utfordringar. Det er heller ikkje uvanleg at barn/ungdom i periodar er triste, men sjølv få symptom kan skape problem. Å vere nedstemt kan over tid, utvikle seg til ein depresjon om ein ikkje får hjelp. Å vere trist og uroleg kan påverke både skuleprestasjonar, sosiale relasjonar og sjølvfølelsen. Kognitiv åtferdsterapi kan førebygge risiko for å utvikle meir alvorlege utfordringar.
Tenker du at kognitiv åtferdsterapi er noko ditt barn kan ha nytte av? Ta kontakt med oss for meir informasjon!
Publisert 13.11.2020 10.12
Sist endra 18.01.2021 09.36