TIBIR - tidleg innsats for barn i risikoLytt til tekstenStopp avspilling Kinn kommune gir tilbod til foreldre frå programmet «Tidleg innsats for barn i risiko» - TIBIR. Kan dette vere eit tilbod for deg? Ta kontakt med oss for ein uforpliktande samtale. Søknadsskjema "Eg er så lei av å kjefte og mase om at.... barnet ikkje vil sove og vi er så slitne at vi er nesten desperate» 4-åringen nok en gang har slått seg vrang under handleturen» barnet forhandlar i det uendelige, lenge etter at tålmodigheten vår er slutt» vi har vært gjennom nok en dag med brotne avtaler» enda ein ettermiddag med søskenkrangling» Høyres dette kjent ut? Alle barn oppfører seg slik frå tid til annen. Nokre gonger ender det med at vi som foreldre handlar spontant med frustrasjon og sinne. Når denne væremåten blir eit mønster som gjentar seg over tid kan foreldre trenge nokon å rådføre seg med. Vi tilbyr målretta rettleiing der vi trener på alternative måtar å møte barnet på. Eksempel på kva vi trener på Betre samarbeid og gode beskjeder Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring Grensesetting og regler Tilsyn og oppfølging Problemløysing knytt til dagligdagse utfordringar i familien Både TIBIR-foreldrerådgiving og PMTO-behandling inneber vekentlege møter á ein time. Timane inneheld drøftingar og praktiske øvingar der vi trener på å finne gode løysingar på korleis de kan styrke samspelet i familien. Tilboda er gratis og finnast i dei fleste tenestene innan oppvekstsektoren i vår kommune. TIBIR-foreldrerådgiving Tilbodet tar sikte på å hjelpe familien så tidleg som mogleg. Rådgjevinga er eit korttidstilbod som strekker seg over 4–6 møter. PMTO-behandling Retter seg mot familiar med meir fastlåste samarbeidsutfordringar. PMTO er eit tilbod som strekker seg over lengre tid, og minimum eit halvt år. Nyttige lenker Du finne meir informasjon om TIBIR her Publisert 13.11.2020 09.59 Sist endra 02.03.2023 13.24