Bekymringsmelding til barnevernetLytt til tekstenStopp avspillingEr du bekymra for eit barn, og vil melde dette vidare til oss? No kan du gjere dette via skjema på nett – då går meldinga direkte til barnevernstenesta i kommunen.Send inn ei bekymringsmelding, eller ring ossBekymringsmelding for privatpersonarBekymringsmelding for offentleg tilsetteOm du er bekymra for eit barn vil vi gjerne at du ringer oss. Du kan vere anonym når du ringer.Sentralbordet: telefon 57 75 68 00Barnevernvakten (er ope kvardagar/helg utanom ordinære opningstider): telefon 474 57 272Samtaletelefon for barn og unge: telefon 116 111 Kva er du bekymra for? Dette er dei vanlegaste grunnane til at barn, unge eller vaksne tar kontakt med barnevernet: vald eller overgrep mot barn eller mellom føresette problem med rus eller alkohol psykiske problem barn får dårleg omsorg Kven kan melde frå til barnevernet? Alle kan melde frå til barnevernstenesta om at eit barn eller ein ungdom kan ha det vanskeleg. Det kan vere foreldre, vener, naboar, barnehage, skule, helsestasjon eller andre som ser at eit barn treng hjelpetiltak. Barn og ungdom kan også sjølv ta kontakt med oss. Slik melder du i frå Er du bekymra for eit barn, og vil melde dette vidare til oss? No kan du gjere dette via skjema på nett – då går meldinga direkte til barnevernstenesta i kommunen. Løysinga består av to ulike skjema; eitt for privat meldar og eitt for offentlege tilsette. Du loggar deg inn i portalen, fyller ut og sender bekymringsmeldinga derfrå. Løysinga vil då levere bekymringsmeldinga direkte til kommunen sitt fagsystem. Løysinga er godt rusta for å ta i vare personvern og informasjonssikkerheit. Bekymringsmelding for privatpersonar Bekymringsmelding for offentleg tilsette Kva skjer vidare? Når du har sendt inn bekymringsmelding skal barnevernet gjennomgå meldinga og vurdere om den skal følgast opp med ein undersøkelse, eller om den skal henleggast. Dette skal barnevernet gjere innan ei veke frå meldinga er motteke. Barnevernet skal normalt gje deg ein bekreftelse på at meldinga er motteke innan tre veker. Barnevernet har taushetsplikt, derfor får du ikkje informasjon om korleis barnevernet følger opp barnet og familien. Interkommunal barnevernvakt Telefon 474 57 272 Hovudoppgåva er å hjelpe barn og familiar i akutt krise og som ikkje kan vente til neste virkedag. Barnevernvakta vil vere bemanna med tilsette i dei kommunale barneverntenestene som i hovudsak skal gi råd og rettleiing på telefon. Ved akutt krise kan barnevernvakta vurdere å rykke ut for å bistå meir aktivt i situasjonar. Tilgjengelegheitserklæring for Fiks bekymringsmelding Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 08.10.2019 08.47 Sist endra 23.11.2023 08.16