Besøksheim

Kva er ein besøksheim?

Å vere besøksheim inneber å ta imot barn eller ungdom, ein eller fleire døgn per månad. Besøksheim er eit frivillig hjelpetiltak og ei støtte til familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. Besøksheim skal ikkje erstatte barnet sin heim hos biologiske foreldre, men vere ein ekstra ressurs for barnet og ei støtte til foreldra.

Kven kan bli besøksheim

Vi søkjer

  • familiar, vaksne par eller einslege med stabil livssituasjon.
  • familiar som er motivert for jamleg å ta imot eit barn eller ungdom, ev. søsken, som besøksheim.
  • vaksne par eller einslege som ønskjer å samarbeide med barneverntenesta, biologiske foreldre eller fosterforeldre.
  • familiar med ein aktiv kvardag, men og familiar med meir rolege kvardagar er aktuelle.

Det krevst ingen formell utdanning for å vere besøksheim, men det vert lagt vekt på at du/de er personleg eigna.

Det vert stilt krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd for alle over 18 år i familien. Besøksheimen vil få oppfølging, lønn og utgiftsdekning av barneverntenesta etter gjeldande KS-satsar.

Korleis bli besøksheim?

Om du har lyst å bli besøksheim kan du ta kontakt med barnevernet i kommunen.

For å bli godkjent som besøksheim må du legge fram politiattest.