Kommunen skal ha ordning som kan tilby fritak for, eller reduksjon i foreldrebetalinga.
Reduksjon av foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt
Forskrift om foreldrebetaling i barnehage § 3b, gjeldande frå 01.05.2015;
Foreldrebetalinga skal for første barn i barnehage utgjere maksimalt 6 % av familien/hushaldninga si samla personinntekt etter skattelova kapittel 12 og skattepliktig kapitalinntekt, og vere avgrensa opp til maksimalgrensa for foreldrebetaling etter § 1.
Frå januar 2021 gjeld dette hushaldningar som har samla inntekt som er lågare enn kr 592 167,-.
For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med bestemmelsen om søskenmoderasjon, 30 % moderasjon og 50 % moderasjon av foreldrebetalinga for det første barnet.
Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar
Forskrift om foreldrebetaling i barnehage § 3c, gjeldande frå 01.08.2019;
Alle 2-,3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart som bur i familiar/hushaldningar med låg inntekt, har rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage pr. veke (gratis kjernetid). Ordninga gjeld for familiar/hushaldningar som har ei samla inntekt som er lågare enn kr. 598 825,- (Nasjonalt fastsett årsinntekt gjeldande frå august 2022).
For andre, tredje og fleire barn skal foreldrebetalinga vere i samsvar med bestemmelsen om søskenmoderasjon, 30 % moderasjon og 50 % moderasjon av foreldrebetalinga for det første barnet.
Foreldre kan søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar i samsvar med Forskrift om foreldrebetaling § 3 gjeldande frå 01.05.2015 og 01.08.2016. Frå 01.08.19 vil ordninga om gratis kjernetid også gjelde for 2 åringar.
Det er utarbeidd eit eige søknadsskjema til føremålet (lenke).
- Søknaden skal sendast til den kommunen der barnet er folkeregistrert.
- Søknaden vil som hovudregel vare for eitt barnehageår av gangen.
- Søknadsfrist er 1. juni kvart år
- Foreldre til barn som startar i barnehage midt i eit barnehageår, vil også kunne søkje om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid.
- Det kan også søkjast om redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid dersom det i løpet av barnehageåret skjer vesentlege og varige endringar i hushaldninga si inntekt som fører til store inntektstap (langtidsarbeidsløyse, endring i hushaldninga si samansetting eller liknande). Slike endringar må dokumenterast.
- For søknadar mottatt i løpet av barnehageåret (utanom søknadsfristen 1. juni) vil retten til moderasjon gjelde frå og med den første heile månaden etter søknadstidspunktet.
Kriteria som ligg til grunn for å få redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid
- Foreldrebetalinga for første barn skal ikkje vere meir enn 6% av hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt, avgrensa til maksimalsatsen.
- Hushaldninga si samla skattepliktige person- og kapitalinntekt må frå 01.01.21 vere lågare enn kr. 592 167,- for redusert foreldrebetaling og 566 100,- for å få gratis kjernetid 20 t/v for 2-, 3-, 4- og 5-åringar.
- Ektefeller og registererte partnarar og sambuarar vert rekna som hushaldning.
- To ugifte personar over 18 år som har bur saman i ekteskapsliknande forhold (minst 12 av dei siste 18 månadane), eller har felles barn, vert rekna som sambuarar.
- Bur barn fast hos begge foreldre, skal foreldrebetalinga reknast ut frå inntekta i den hushaldninga der barnet er folkeregistrert.
Skattemeldingane til hushaldninga for siste år, skal leggjast ved søknad om redusert foreldrebetaling og søknad om gratis kjernetid, som dokumentasjon.
- Dersom skattemeldingane ikkje inneheld opplysningar om skattepliktig person- eller kapitalinntekt, skal dette opplysast om i søknaden.
- Hushaldningar som ikkje kan legge fram sjølvmelding som dokumentasjon, må legge fram annan dokumentasjon som t.d. introduksjonsstønad, lønnslipp frå arbeidsgjevar eller kopi av vedtak om stønad frå NAV.
Kinn kommunen som barnehagemyndigheit har ansvar for å oppfylle foreldre med låg inntekt sin rett til reduksjon i foreldrebetalinga og rett til gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5- åringar. Retten gjeld for barn som er folkeregistrert i kommunen.
- Når søknad er handsama og det er gjort vedtak om redusert foreldrebetaling og/eller gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar med heimel i Forskrift om foreldrebetaling i barnehage §3b og §3c, vil foreldra automatisk få redusert foreldrebetalinga, uavhengig av om barnet går i kommunal eller ikkje-kommunal barnehage.
- Ikkje-kommunale barnehage-eigarar får refundert reduksjon i foreldrebetalinga som følgje av vedtak om redusert foreldrebetaling som del av det offentlege tilskotet.
Søknadar om reduksjon av foreldrebetaling for foreldre med låg inntekt og gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar, vert å sende til:
Kinn kommune
Postboks 294
6701 Måløy