Som barnehagemynde har kommunen ansvar for godkjenning, tilsyn og rettleiing av barnehagar for å sjå til at barnehagane føl regelverket. Ansvaret gjeld for kommunale og private barnehagar.
I merknad til barnehagelova §10 , barnehagemynde sitt ansvar, står følgjande:
Kommunen skal ved godkjenninga, og gjennom aktiv rettleiing og tilsyn, sjå til at barnehagane i kommunen blir driven i tråd med dei krava som er fastsett i barnehagelova med tilhøyrande forskrifter.
Aktiv og god rettleiing er eit viktig verkemiddel for å ha gode barnehagar, samt for å ha effektiv etablering og drift.
For Kinn kommune betyr dette å arbeide aktivt inn mot barnehagane, og at ein har eit godt samarbeid mellom barnehagemynde og barnehageeigar. Med utgangspunkt i dei opplysingane kommunen får kjennskap til, skal barnehagemynde rettleie barnehageeigar og barnehagane til å følgje regelverket. Gjennom risikoanalysar og vurderingar skal ein bestemme kva tid det er føremålstenleg å gje rettleiing.
Målet med rettleiing er å sikre etterleving av regelverk. Dersom rettleiing ikkje fører til endring, er det naudsynt å bruke tilsyn som verkemiddel. Tilsyn kan også gjennomførast utan at ein har prøvd rettleiing først.
For meir informasjon kontaktar du Kinn kommune ved Marion Svarstad Melstveit.