Retningsliner og regelverk gjeldande for Kinn kommune sitt kommunale næringsfond

5 Kriterium for tildeling

  1. Etablering må skje i den kommunen ein søkjer stønad frå eller som har ein positiv effekt for kommunen.
  2. Tilskotet skal ikkje medverke til konkurransevriding mellom verksemder innan same region.
  3. Tilskotet kan ikkje nyttast til driftsstøtte eller aksjekapital.
  4. Tilskotet skal nyttast til investeringar og/eller utvikling.
  5. Tilskotet kan til dømes nyttast til produktutvikling, marknadsanalyse- og utvikling, utvikling av forretningsplan, kompetanseheving som er naudsynt for realisering av forretningsidé og kostnadar knytt til dette.
  6. Midlane skal i utgangspunktet ha ein utløysande effekt. Tilskot skal medverke til at prosjekt som elles ikkje ville ha blitt gjennomført vert realisert. Det er ikkje tilstrekkeleg at tilskotet skal oppretthalde eit tilbod.