Viltpåkøyrsler

Er du uheldig og køyrer på ein hjort eller anna dyr er du pålagt å varsle, jf. dyrevelferdslova.

Ring politiet på 112 dersom ulukka medfører fare for liv og helse. Dersom det er mindre skade på bil og hjorten ligg skadd eller daud  i vegbana, eller har sprunge til skogs, skal du ringe politiet på 02800. Får du ikkje svar der kan du enten ringe 112 eller direkte til ettersøksgruppa i Kinn kommune, telefon 952 58 756.

Sjølv om hjorten spring til skogs etter å ha blitt påkøyrd har han som regel skader i form av knekte bein, indre blødningar og liknande. Dette medfører store lidingar og gjerne at hjorten misser livet etter ei tid. Det er difor viktig at du tek ansvar og melder frå om viltulukker slik at kyndig personell kan gjere ettersøk for å finne hjorten og gjere ei vurdering av skadane.

Dersom du ikkje kan vente til ettersøksgruppa er komen til staden må du merke påkøyrslestaden, gjerne med ein refleks eller liknande.