Viltforvaltning

Vi gir råd og rettleiing i saker som omhandlar vilt og forvaltning av vilt. Viltlova gjeld alle viltlevande landpattedyr, fuglar, amfibiar og krypdyr.

Eksempel på oppgåver vi har i viltforvaltninga:

  • Fallvilt (påkøyrd og skadd eller sjukt vilt)
  • Tildeling av fellingsløyve (hjort) for vald utan godkjent driftsplan/bestandplan
  • Kontroll og registrering av fellingsrapportar
  • Godkjenning av vald, driftsplanar og bestandplanar
  • Forvaltning av kommunen sitt viltfond

Hjortevilt

I hjorteviltregisteret legg kommunen inn informasjon om alle valda – fellingsløyver, fellingsresultat, sett hjort og slaktevekter. Her vert også oversikt og informasjon om fallvilt registrert.

Du som jeger skal registrere alle dine jaktdata på hjorteviltregisteret. Du logger deg inn med jegernummer og fødelsdato.

Sjå hjorteviltregisteret her

Viltfond

Hjortevalda betaler fellingsavgift for felt hjort til viltfondet etter endt jakt. Kommunen behandlar søknader om tilskot frå det kommunale viltfondet. Søknadane vert behandla etter Forskrift om viltfond.

Vil du vite meir om vilt, jakt og forvaltning?