Spreiing husdyrgjødsel - utsette spreiefristLytt til tekstenStopp avspillingSpreiing av husdyrgjødsel utan nedmolding/nedfelling skal skje innan 1. september. Kommunen kan likevel med forskrift eller enkeltvedtak tillate ein seinare frist, men ikkje seinare enn 1. oktober. Dersom det er klimatiske forhold som gjer til at det likevel er behov for å spreje gjødsel etter 1. september, er det mogleg å søke kommunen om det: Elektronisk skjema - søknad om utsetting av spreiefrist Papirversjon - søknad om utsetting av spreiefrist Papirskjema kan sendast på e-post til post@kinn.kommune.no, leverast på servicetorget i Florø/Måløy, eller sendast per post til Kinn kommune, postboks 294, 6701 Måløy. Søknadsfrist er 1. september. Tidspunkt for gjødselspreiing er regulert i Forskrift om organisk gjødsel §23. Publisert 25.08.2023 09.30 Sist endra 06.09.2023 14.17