Dersom du vil jakte eller drive fangst, må du først bestå jegerprøva. Prøva består av eit obligatorisk kurs med påfølgane elektronisk eksamen. Kurset er på 30 timar, og består av både teori og praksis. Det er kommunen som står for den praktiske gjennomføringa av eksamen, men det er Miljødirektoratet som har det overordna ansvaret for jegerprøva.
Kven kan ta prøva?
Du må fylle 14 år det året du tek prøva. For å gå opp til eksamen må du ha gjennomført jegerprøvekurset og ha betalt jegerprøvegebyret.
Korleis får eg tatt jegerprøveeksamen?
Sjå informasjon om jegeprøva her.
Kva koster det?
Før du kan ta eksamen må du betale eit eksamensgebyr. Dette skal betalast via Miljødirektoratet si elektroniske betalingsløysing.
Når kan eg ta prøva?
Ta kontakt med kommunen for eksamensdatoar.
Eksamensbevis
Kommunen sin kursarrangør sender eksamenssvaret ditt til Jegerregisteret. Når eksamen er bestått vil vi skrive ut eksamensbevis til deg.
Publisert av Henrik Ulriksen
Publisert 06.12.2019 09.57
Sist endra 13.02.2023 09.19