Driveplikt

Det er driveplikt på all jordbruksareal, uavhengig av storleiken på eigedomen. 

Jordbruksareal er

  • fulldyrka jord 
  • overflatedyrka jord 
  • innmarksbeite


Du finn kart og arealopplysingar om eigedomen din her

Når du eig eit jordbruksareal, har du ansvar for å forvalte det godt og sørgje for at det er i drift. Driveplikta gjeld for heile eigartida. Dette går fram av jordlova § 1 og § 8. 

Har du nyleg teke over ein eigedom med jordbruksareal, må du innan eitt år avgjere om du vil drive jorda sjølv eller få andre til å drive. Jorda skal haldast i hevd, og hovudregelen er at alt jordbruksareal skal haustast og kultiverast årleg. Bruk av beitepussar er åleine ikkje tilstrekkeleg for å oppfylle driveplikta. Dersom du ikkje får leig ut eller lånt vekk jorda, kan du søke om fritak frå driveplikta.

Les meir