Allemannsretten

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt og opphalde deg der du ønskjer i naturen - uavhengig av kven som eig grunnen. Den gir deg også rett til å hauste frå naturen, for eksempel saltvassfisk, bær, sopp og ville blomster. 

Allemannsretten tyder at du har rett til å ferdast fritt i skogen, på fjellet og langs kysten. Alle skal ha høve til å drive eit aktivt friluftsliv, samstundes som ein skal ta omsyn til grunneigaren. Derfor er det avgrensingar i denne retten, slik at ingen blir skadelidande.