Retningsline for reduksjon/fritak frå eigedomsskatt i Kinn kommune

1 Innleiing

Ved generell eigedomsskatt er alle eigedommar i utgangspunktet skattepliktige. Eigedomsskattelova gir likevel fritak til enkelte eigedommar, og opnar for at kommunestyret kan vedta fleire fritak. 

Fritak for eigedomsskatt er regulert i eigedomsskattelova § 5 og § 7. Fritak gjeld nødvendigvis ikkje heile eigedommen. Som døme vil bustadeiningar på ein landbrukseigedom vere skattepliktig, sjølv om eigedommen og tilhøyrande driftsbygninger vert fritekne. 

Søknad om reduksjon/fritak for eigedomsskatt etter § 7 må vere motteke før 1. juni for at vedtaket kan gjerast gjeldande frå etterfølgjande skatteår.