Retningsline for reduksjon/fritak frå eigedomsskatt i Kinn kommune

3 Fritak etter eigedomsskattelova § 7

Kommunestyret kan frita ytterlegare med heimel i § 7 i Eiendomsskattelova. Kommunestyret gir fritak for eigedommar som openbert fell innanfor kriteria, men det blir gjort merksam på at ikkje alle fritaksberettigede eigedommar nødvendigvis er fanga opp av dette. Eigar kan søke om fritak. Du må då framlegge dokumentasjon på kvifor du meiner å tilfredsstille krava for fritak.

Fritaksvedtak gjeld berre for eit år av gongen, men eigedommar som tidlegare har fått innvilga fritak treng ikkje sende inn ny søknad, dersom ikkje kommunen ber om det.

Med bakgrunn i ønske om å sikre likebehandling av søknader om fritak etter § 7, er det
utarbeidd retningslinjer for behandlinga til kommunestyret:

3.1 § 7 a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagna ein kommune, eit fylke eller staten

Eigendommen må eigast direkte av ” ikkje-kommersiell stiftingar eller institusjonar” - det er ikkje tilstrekkeleg med disposisjonsrett. Eigedommen må vere eigd av ”stiftingar eller institusjonar”.

Ein søknad om fritak for eigedomsskatt etter Eiendomsskattelova § 7 a) må setjast fram skriftleg. Søknaden må innehalde dokumentasjon på nødvendige data og opplysningar som er relevant for dei vurderingane som skal gjerast. Til grunn for vurdering av søknaden vil vere at følgjande kriterium i vesentleg grad er oppfylt:
 

  1. Organisasjonen/stiftinga blir basert på «non-profit».
  2. Blir kalla som frivillig organisasjon.
  3. Alle kan bli medlem.
  4. Kommunen blir gagna gjennom at arbeidet som blir utført kjem i tillegg til eller erstattar ei oppgåve som kommunen elles måtte eller burde utført.
  5. Tenestene til organisasjonen dekkjer eit behov hos mange av innbyggjarane til kommunen gjennom eit alminneleg formål.
  6. Organisasjonen er eit idrettslag, ein religiøs, humanitær eller liknande organisasjon og eigedommar blir brukt til organisasjonen sine primæroppgåver.
  7. Organisasjonen mottar ingen støtte.
  8. Har ingen formål å gå med overskot.


Viktig dokumentasjon som må følgje søknaden er:

  • Firmaattest eller utskrift frå einingsregisteret
  • Siste årsrekneskapar med notar og årsmelding
  • Institusjonen sine (organisasjonen) vedtekter
  • Protokollen frå siste generalforsamling
     

Desse eigedommane får ikkje fritak:
Skular som ikkje er eigd av kommune.

3.2 § 7 b) Bygning som har historisk verde

Ein søknad om fritak for eigedomsskatt etter eigedomsskattelova § 7 b) må setjast fram skriftleg. Søknaden må innehalde nødvendige data og opplysningar som er relevant for dei vurderingane som skal gjerast. Til grunn for vurdering av søknaden må det kunne dokumenterast at bygningen har særskilt historisk verdi, har særskild verdi for allmenheten og at det kjem ein del kostnader til vedlikehald som gjer det urimeleg å betale eigedomsskatt.

3.3 § 7 c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommuneloven § 10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak

Fritak for nybygg i 3 år. Fritaket gjeld året etter bruksløyvet (mellombels bruksløyve eller ferdigattest) finnast og berre bustadeigedommar. Nybygg får automatisk fritak og derfor skal det ikkje søkast om fritak.

3.4 § 7 d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen

Fritak: Ikkje aktuelt på noverande tidspunkt.

3.5. § 7 e) Fritidsbustader

Fritak: Ikkje aktuelt på noverande tidspunkt.

Merk: Fritak etter § 7 kan innvilgast etter skriftleg søknad. Søknad blir sendt eigedomsskattekontoret. Det er berre kommunestyret som har myndigheit til å innvilge fritak.