Rammer og retningsliner for taksering av eigedomsskatt

1 Om dokumentet

Bakgrunnen for dette dokumentet er kommunestyrevedtak av desember 2019. 

Det har vert ein prosess der sakkunnig nemnd og administrasjonen har drøfta grunnlaget for eigedomsskattetaksering i Kinn kommune. Overtakstnemnda er blitt orientert om prosessen.

Utgangspunktet for taksering er referert i Eigedomsskattelova §§ 8A og 8B: Eigedomsskatten skal reknast ut etter verdet som eigedomen vert sett til etter reglane i §§ 8 A-2 til 8 A-4. 

§ 8 A-2. Verdet

  1. Verdet av eigedomen skal setjast til det beløpet ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.
  2. Ved taksering av fabrikkar og andre industriell anlegg, skal ein ta med maskiner og anna som høyrer til anlegget er nødvendig for å oppfylle formålet med anlegget. Arbeidsmaskiner med tilhøyrsle og liknande, som ikkje er ein integrert del av anlegget, skal ein ikkje ta med.


Dette dokumentet vil danne grunnlaget for alle takseringar i perioden fram til neste omtaksering i 2030 jf. Eigedomsskattelova § 8 A-3 (2). Eigedomsskattelova §8 A-4 opnar opp for kontorjustering av takstar i inntil 3 år. Etter 3 år må det fullstendig retaksering til.

For anlegg for produksjon av elektrisk kraft skal eigedomsskatten reknast ut etter verdet som eigedomen vert sett til etter reglane i § 8 B flg.

Dette dokumentet ligg til grunn for takst i samsvar med Eigedomsskattelova.

1.1 Kva dokumentet omfattar

Dokumentet om rammer og retningsliner for taksering tek stilling til følgjande:

1.1.1 Takseringsmetode

Val av takseringsmetode er eit viktig val som påverkar lik handsaming.

1.1.2 Ytre rammevilkår

Det er tre ytre rammevilkår som prosjektet må rette seg etter.

  • Dei juridiske rammene som ligg føre for takseringsarbeidet
  • Dei politiske rammene som kommunestyret i Kinn har vedteke
  • Dei moglegheiter og avgrensingar som teknologien gjev

 

1.1.3 Overordna rammer vedtekne av sakkunnig nemnd

Gjennom dette dokumentet trekkjer sakkunndig nemnd opp rammers om besiktigerne skal halde seg innanfor ved taksering. Slike rammer er:

  • Gruppering av eigedomar
  • Gjennomsnittlege verdiar for eigedomsgrupper (sjablongar)
  • Verdiskilnader i ulike deler av skattesoner (sonefaktor)
     

Vert rammene ikkje følgde ved einskildtakseringar, skal dette grunngjevast særskilt når takstforslaget vert lagt fram for den sakkunnige nemnda.

1.2 Retningsliner for bruk av ytre faktor,indre faktor og kommentarar ved synfaring av einskildeigedomar

Dette dokumentet trekkjer opp retningsliner for vurderingar av den einskilde eigedom. Avvik frå desse retningslinene skal grunngjevast særskilt.

1.3 Kvalitetssikring

Ein viktig del av arbeidet ein står framfor, er å hindre systemfeil eller einskildfeil i takseringsarbeidet. I dette dokumentet tek ein stilling til opplegg for kvalitetssikring av arbeidet.

1.4 Praktisk handsaming i sakkunnig nemnd

I dokumentet vert det skissert opplegg for handsaming av forslag til einskildtakstar i sakkunnig nemnd. Arbeidsopplegget for overtakstnemnda tek ein stilling til når klager på takst er kome inn etter offentleg ettersyn.

1.5 Handsaming av klager på takst og feil på takseringsgrunnlaget

Det vil kome inn klager på grunn av usemje i takst som ei følgje av feil eller som følgje av usemje i vurderingane som er gjort. I dette dokumentet vert det skissert rammer og praktisk opplegg for handsaming av feil og handsaming av klager på takst.

1.6 Framdrift og milepælar

Kommunestyret har trekt opp linjene for viktige milepælar i arbeidet.