Søknade om fritak
Søk om fritak frå eigedomsskatt etter § 7 via dette skjemaet
Fritaksvedtak gjeld berre for eit år av gongen, men eigedommar som tidlegare har fått innvilga fritak treng ikkje sende inn ny søknad, dersom ikkje kommunen ber om det.
Eigedomane som ligger på «fritakliste» får automatisk fritak etterfølgjande skatteår. Lista vert oppdatert i desember kvart år. Du må sjølv sjå på fritaklista og vurdere om du ønsker å sende inn søknad om fritak på nytt dersom din eigedom ikkje ligger på fritakliste.
Sjå retningslinje for fritak frå eigedomsskatt før du søker om fritak
Søknad om reduksjon/fritak for eigedomsskatt etter § 7 må vere motteke før 1. juni for at vedtaket kan gjerast gjeldande frå etterfølgjande skatteår.
Det er eigar som kan søke om fritak. Eigar må legge fram dokumentasjon på kvifor dei meiner å tilfredsstille krava for fritak.
Vilkår for å få fritak
§ 7 a) Eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten.
§ 7 b) Bygning som har historisk verde.
§ 7 c) Bygning som heilt eller i nokon mon vert nytta til husvære. Fritaket kan gjelde i opptil 20 år frå den tida bygningen vart ferdig. Formannskapet eller det utvalet som er nemnt i kommunelova § 10, kan få fullmakt til å avgjere einskildsaker om skattefritak.
Kommunestyret har vedteke at det ikkje lenger er fritak for eigedomsskatt for nybygg.
§ 7 d) Bygning og grunn i visse luter av kommunen.
Fritak: Ikkje aktuelt på noverande tidspunkt.
§ 7 e) Fritidsbustader.
Fritak: Ikkje aktuelt på noverande tidspunkt.