Eigedomsskatteliste

Eigedomsskattekontoret lagar kvart år ei skatteliste der alle skattlagde eigedommar i kommunen er ført opp med verdien på eigedommen. Lista viser skattetakst og utskriven eigedomsskatt for kvar eigedom. 

Lista viser dei skattepliktige eigedomane med adresse, matrikkelnummer (gards- og bruksnummer), eigedomsskattetakstane, skattesatsen og utrekna eigedomsskattebeløp. 

Eigedomsskatteliste for 2026 vert kunngjort i slutten av februar/starten av mars.

Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremjast kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år. Klagen skal sendast ved å bruke det digitale klageskjemaet som du finn nedanfor, innan 6 veker etter datoen for kunngjering av eigedomsskattelistene. Dersom klagen ikkje kan sendast digitalt, må klagen sendast skriftleg til eigedomsskattekontoret.

E-skjema: Klage på eigedomsskatt

Postadresse: Eigedomsskattekontoret i Kinn, Postboks 294, 6701 Måløy.