Serveringsløyve

Når treng du serveringsløyve?

Om du skal drive ein stad der det skal serverast mat eller drikke, må du ha serveringsløyve.

Korleis får du serveringsløyve?

Dagleg leiar av staden må ha bestått etablererprøven for å kunne søke om serveringsløyve. Løyvet vert gitt til selskapet som eig staden. Sjølve prøva tek du på eitt av servicekontora i Kinn kommune.

Kurs og læremateriell finn du her.

Bruk det elektroniske søknadsskjemaet for å søke.

Serveringsløyve - søknadsskjema

Du vil bli bedt om å laste opp diverse vedlegg. Søknaden vert ikkje behandla før alle vedlegg er mottatt.

Vedlegg til søknad:

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Firmaattest
  • Teikning av lokala inne og evt. ute
  • Leigekontrakt
  • Dokumentasjon av dagleg leiar si tilsetting
  • Kopi av melding til Mattilsynet
  • Løyve frå bygningsmyndigheitene på bruk av lokala til serveringsverksemd

Kor lang tid tar det å få svar?

Søknadane vert behandla fortløpande, saksbehandlingstida er inntil 3 månader frå du har sendt oss alle nødvendige opplysingar og dokument. Søknaden vert sendt til politiet og skatte- og avgiftsmyndigheitene for uttale. Behandlingstida kan bli lengre dersom høyringsinstansane bruker lang tid, har merknader til søknaden, eller om du gjer endringar undervegs i behandlinga av søknaden.

Kva koster det?

Det er gratis å få serveringsløyve.

Kontakt

Bodil Gjerde
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 93 48 70 37
Siv Standal
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 53 01 62