Salsløyve

Når treng du salsløyve?

  • Butikkar som skal selje alkohol, må søke om salsløyve. Salgsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol.
  • Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.

Nettsal

  • Nettsal kan i Kinn kommune kun gjevast som eit tillegg til bedrifter med etablert butikk og varelager i kommunen.
  • Utlevering av alkohol kjøpt på nett skal til privatpersonar kun skje frå eigen butikk, frå postkontor eller post i butikk.

Kven kan få salsløyve?

Styrar og avløysar må ha bestått kunnskapsprøven. Løyvet blir gitt til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

Korleis søke?

Salsløyve - søknadsskjema

Du vil bli bedt om å laste opp vedlegg, søknaden vil ikkje bli behandla før alle nødvendige vedlegg er mottatt. 

Vedlegg til søknad:

  • Firmaattest
  • Stadfesting på bestått kunnskapsprøve for styrar og avløysar 
  • Teikning av lokalet
  • Aksjeselskap må sende aksjeeigarbok, bekrefta av revisor, med eigerandelar oppgitt i prosent
  • Opplysningar om andre eigarforhold, for eksempel eigarar bak aksjeselskap, der driftsselskapet er heilt eller delvis eigd av andre selskap

Du finn oversikt over alle vedlegg i søknadsskjemaet.

Kor lang tid tar det?

Faste salsløyver vert gjeve av kommunestyret. Det kan difor ta inntil 3 månader før du får svar på søknaden din. Søk difor i god tid før oppstart. Søknaden vert sendt politiet, kemneren og sosialtenesta for vandelsuttale. Deretter vert søknaden behandla politisk. 

Kva kostar det?

Det er gratis å søke om salsløyve. Alle som har salsløyve skal betale eit årleg løyvegebyr til kommunen. Gebyret vert rekna ut ifrå kor mange liter alkohol salsstaden forventar å omsette inneverande år. Satsane er fastsett i alkoholforskrifta og vert regulert kvart år.

Rapportering

Omsetning skal rapporterast til Kinn kommune ein gong i året på eige skjema.

Kontakt

Bodil Gjerde
Avdelingsleiar
E-post
Telefon 93 48 70 37
Siv Standal
Sakshandsamar
E-post
Telefon 41 53 01 62