Lover, reglar og retningsliner

Nedanfor finn du lover, reglar og retningsliner knytt til alkohol- og serveringssaker.

Alkoholpolitiske retningsliner

Alkoholpolitiske retningsliner for Kinn kommune 2020 - 2024

Servering og sal av alkohol kan gje inntekter, arbeidsplassar og trivsel i kommunen, men det kan og medføre store kostnadar og menneskelege lidingar. Difor har kommunen folkehelseperspektivet med i alkoholpolitikken.

Alkoholpolitiske retningslinjer er meint å være eit styringsverktøy for så vel administrasjonen som
politikarar og eit dokument som næringslivet vil ha nytte av og som dei må forholde seg til.
Alkoholpolitiske retningsliner bidreg med dette til ein forutsigbar og ryddig alkoholpolitikk.

Alkohollova

Føremålet med lova er i størst mulig grad å begrense dei samfunnsmessige og individuelle skadene som alkoholbruk kan innebere. Lova skal også fremme næringspolitiske formål, samt hindre kriminalitet i delar av bransjen.

Alkoholforskrifta

Alkoholforskrifta er gitt i medhald av alkohollova. Forskrifta inneheld reglar for praksis av sals- eller skjenkeløyve.

Serveringslova

Lova sitt foremål er å sikre forsvarleg drift av serveringsstadar av omsyn til næringa, gjestane og samfunnet elles. Lova skal bidra til å gi serveringsstadane stabile og føreseielege rammer og hindre illojal konkurranse.

Bokføringsforskrifta

Forskrifta skal sikre god dokumentasjon av all omsenting i serveringsvirksomheiter i restaurantbransjen, og bidra til at all omsetning og uttak blir bokført, beskatta og avgiftsberekna korrekt.

Kva skjer dersom du ikkje overheld regelverket?

Forskrift om tildeling av prikkar og inndraging av løyve ved brot på alkohollova.