Alkoholpolitiske retningsliner 2024 - 2028

1 Innleiing

Kinn kommune sin alkoholpolitikk byggjer i løyveperioden 2024 – 2028 på alkohollova sitt formål om å avgrense skader forårsaka av alkoholbruk, og redusere forbruk av alkohol. Kinn kommune skal være ein attraktiv kommune for innbyggaren, tilreisande, kultur- og næringslivet, der skjenkepolitikken er føreseieleg og krav til likebehandling vert ivareteke.

Retningslinene skal

  • vere styrande for alkoholpolitikken i kommunen i perioden, og eit viktig
  • verkemiddel for i størst mogleg utstrekking å avgrense dei samfunnsmessige og individuelle skader som alkoholbruk kan innebere.
  • vere med på å gje rammer for trygge og positive opplevingar rundt stader der det er naturleg å selge og servere alkohol.
  • særleg bidra til å skjerme barn og unge mot alkoholmisbruk.
  • sikre at næringa får føreseielege rammevilkår.
  • vere balansert mellom alkohollova sitt formål om å avgrense alkoholbruken, og næringa sitt behov for føreseielege rammevilkår.
  • vere eit viktig verkemiddel i arbeidet med å skape bevisste haldningar til rusmidlar hos innbyggjarane i kommunen.
  • gjelde for alle søknader om skjenkeløyve og gjeldande skjenkeløyve.

Kommunen skal jobbe for, og legge til rette for eit trygt og godt lokalsamfunn for innbyggjarane, jfr Folkehelselova § 4.

Kinn kommune tek avstand frå organisert kriminalitet. Med referanse til Stortingsmelding 7 (2010-2011) punkt 4.8 MCkriminalitet, og innstilling frå Justiskomiteen i innst. 58 S. (2011-2012) vert klubbar og kriminelt miljø som her er omtala og forklart, erklært uynskte i kommunen. Desse skal ikkje gjevast skjenkeløyve.