Tilskot til kulturbygg i Vestland

Dette er ein del av ordninga med spelemidlar som er overskotet frå spela i Norsk tipping. Midlane kan nyttast til eigna lokale, bygningar og utearenaer som gjev rom for ulik kulturell verksemd. Ordninga gjev støtte til nybygg, ombygging og modernisering av kulturbygg, men ikkje til vedlikehald eller drift. 

Kven kan søkje?

Søkjarar om tilskot til kulturbygg kan vere frivillige lag og organisasjonar, kommunar og fylkeskommune. Andre lag, organisasjonar og selskap kan og søkje, avhengig av vedtektene sine.

Korleis søker du?

Du sender inn søknaden elektronisk via anleggsregisteret.no, via kommunen der kulturbygget ligg. Ta kontakt med kommunen din for nærmare informasjon om søknadsprosessen og den lokale søknadsfristen.

Søknadsfrist

Kommunen sin søknadsfrist er 1. mars.
Alle kommunane må overføre søknadane frå sin kommune til Vestland fylkeskommune innan 30. april kvart år.

Kva kan få støtte?

Slike bygg kan få støtte:

  • kulturhus
  • fleirbrukslokale
  • spesiallokale for kunst og kultur, som bibliotek, bygg og museum eller andre kulturverntiltak, scenekunstlokale, konsertsal eller forsamlingslokale for bildekunst.

Lokala må vere planlagde ut frå definerte behov og bør vere fleksible. Kulturhusa bør lokaliserast sentralt i lokalsamfunnet eller regionen. Bygningane skal i størst mogleg grad fungere som kulturelle møtestadar for alle grupper og skal vere opne for all lovleg kulturverksemd. Ingen må stengast ute av religiøse, sosiale eller politiske omsyn.

Meir informasjon finn du hos Vestland fylkeskommune
 

Kontakt

Kjetil Høidal
Kulturhusleiar, Florø kulturhus
E-post
Telefon 90 19 52 57