Det finst to hovudgrupper av spelemiddeltilskot
Spelemidlar til ordinære anlegg og rehabilitering
Dette er anlegg for organisert aktivitet. Her kan det søkast om 1/3 av godkjent kostnad inntil ei viss grense. Det er ulike maksimumsbeløp på dei ulike anleggstypane.
Typiske ordinære anlegg er for eksempel idrettshallar, friidrettsanlegg, golfanlegg, klubbhus, kunstgrasbaner, skyttaranlegg, kiosk, lagerbygg og svømmeanlegg.
Nærmiljøanlegg
Dette er utandørs anlegg for eigenorganisert aktivitet knytt til bu-/nærområde. Her kan det søkast om 50% av godkjend kostnad med eit maksimumstilskot på 300 000 kroner.
Typiske nærmiljøanlegg er fleirbruksanlegg (tilrettelagt for ballspel, hopp, løp, turn og så vidare), ballbinger/-flater, turløyper lengre enn 500 meter, skileikanlegg, trimparkar og hinderløyper. Det kan også søkast om lysanlegg i tilknyting til nærmiljøanlegg.
Kva vert det ikkje gjeve tilskot til?
Det vert ikkje gjeve tilskot til drift/vedlikehald, leige, laust utstyr, kjøp av grunn, publikumstribuner, vegar/parkeringsplassar, beplantning, tilknytningsavgifter, flytting av kablar/ledningar/rørføringar, eigedomsgjerder eller reguleringsarbeid.