2 Føremål
Føremål med kulturmidlane er forankra i Kulturlova og Strategi for Kulturfrivilligheit.
I overordna planar er det vedteke at Kinn kommune skal legge til rette for eit breitt spekter av kulturverksemd, slik at alle kan få høve til å delta i kulturaktivitetar og oppleve eit mangfald av kulturuttrykk. Kulturmidlane skal styrke eksisterande kulturaktivitet og stimulere til nyskapning.