Økonomisk støtte til fritidsaktivitet

Kinn kommune si fritidserklæring gir støtte til ein gratis fritidsaktivitet for barn og unge i husstandar med økonomiske og sosiale utfordringar. Målet med ordninga er at alle barn og unge (6-18 år) skal ha moglegheita til å delta på ein fritidsaktivitet. Ordninga er for dei barna som ikkje allereie er deltakar på andre betalande fritidsaktivitetar. Ordninga tar atterhald om at Kinn kommune har midlar tilgjengeleg. Informasjonen gitt i skjemaet nedanfor blir berre brukt til å få registrert midlane til riktig lag eller organisasjon.  

Søk støtte til deltaking på fritidsaktivitet her

Fritidserklæringa vart signert av statsministeren, fleire statsråd, KS, Norges Idrettsforbund m. fl. i 2016. Denne seier at alle barn og unge skal få sjansen til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av foreldre sin sosiale eller økonomiske situasjon.

For å lukkast med arbeidet må vi alle gjere ein innsats, både tilsette i kommunen og frivillige lag og organisasjonar. Difor må vi samarbeide om å gje god og tilpassa informasjon til barn, ungdom og føresette som står utanfor dei organiserte fritidstilboda. Kinn kommune har fått midlar av kommunestyret som gjer til at vi kan støtte barn og unge med å vere med på jamleg organisert aktivitet i lag og organisasjonar. Det er frivilligsentralane i kommunen som har ansvaret for å koordinere dette arbeidet. 

Kjenner du eit barn eller ein ungdom som kan trenge eit kjekt fritidstilbod som til dømes synge i kor, delta i idrett, på speidaren, i kulturskulen, i korps, drillen eller motorsport? Ta kontakt med oss! Vårt mål er at alle skal få eit tilbod på fritida si.

Kontakt

Randi Kristin Strand Kandal
Frivilligkoordinator
E-post
Telefon 90 84 34 80
Hanne-Cecilie Sande
Dagleg leiar
E-post
Telefon 47 34 31 05
Siv Anett Kupen
Dagleg leiar, Vågsøy frivilligsentral
E-post
Telefon 90 74 64 71