Namnesaker

Namn på kommunale vegar, bygg, torg med vidare ligg til oppvekst- og kulturutvalet i Kinn å vedta. Fagansvaret er lagt til kulturtenesta.

Stadnamnlova omfattar kven som kan reise ei namnesak, og gir reglar for kva for eit offentleg organ som fastset skrivemåten i dei enkelte tilfella. Når skrivemåten av eit stadnamn er fastsett etter reglane i lova og vedtaket er meldt inn til Sentralt stadnamnregister (SSR) i Statens kartverk, skal alle offentlege organ bruke denne skrivemåten.

Føremålet med stadnamnlova

Lova har som føremål å ta vare på stadnamn som kulturminne og å gje felles reglar for skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Stadnamnlova skal sikre omsynet til norske, samiske og kvenske stadnamn i samsvar med nasjonalt lovverk og internasjonale avtalar og konvensjonar. 

Bakgrunnen for lova var å klargjera ansvarsforhold og gje retningslinjer for korleis stadnamn skal skrivast, og også gje ein klarare formell heimel for det offentlege til å fastsetje og bruke visse skriftformer av stadnamn. Namn bør ha historisk forankring og vere i tråd med god namneskikk. Saksgangen i kommunale namnesaker er nærmare omtalt hos Språkrådet.