Definisjonar
Retningslinjer for kunst i kommunale bygg og uterom har som hensikt å legge til rette for kunstopplevingar for alle innbyggjarane i kommunen og bidra til eit levande kunstmiljø.
Kunst kan i denne samanheng omfatte biletkunst, kunsthandtverk, skulptur, arkitektur, eller elektronisk kunst og installasjonar, som anten er permanente eller for ein avgrensa periode.
Kommunale bygg er alle bygg kommunen eig. For kunstnarisk utsmykking bør ein prioritere dei bygg der innbyggjarane oppheld seg, arbeidar eller ferdast. Dette omfattar skular, kulturbygg, idrettsanlegg, administrasjonsbygg og eldre- og sjukeheimar. Andre byggeprosjekt kan vurderast i kvart enkelt tilfelle. Kommunale bustadar, tekniske anlegg, lager og andre typar bygg som ikkje er ope for offentlegheita er unnateke. Offentlege uterom famnar gater, torg, kaier og parkar i kommunal eige.
Saksgang
Jf. delegeringsreglementet skal OK-utvalet handsame alle saker knytt til kultur av prinsipiell art, med dette gjeld saker knytt til val av kunst i kommunale bygg og uterom.
Ved tildeling av midlar frå KORO (Kunst i offentlig rom, etat under Kulturdep.), gjeld KORO sine retningslinjer.
Kommunedirektøren er ansvarleg for prosessen med val av kunstnar, kunstverk og plassering. Dette vil bygge på mål og prioriteringar gjort i kommuneplanen sin samfunnsdel og anna planverk. Kommunedirektøren legg fram ei konkret fagleg vurdering i den einskilde saka for eit ad hoc utval / arbeidsgruppe som består av medlemmar av OK-utvalet. Kommunedirektøren skal innhente kunstfagleg kompetanse, eller annan naudsynt kompetanse, der saksutgreiinga krev det.
Ok-utvalet vel tre representantar som sit i ad-hoc utvalet/arbeidsgruppa. Ad-hoc utvalet har innstillingsmynde til OK utvalet.
Saksutgreiinga skal lage ein kunstplan / sak som skal:
- Seie noko om føremålet med kunstprosjektet med utgangspunkt i området / bygget det skal plasserast i og bruken av dette området / bygget
- Utarbeide eit budsjett for utsmykkingskostnadar og finansieringskjelder
- Bestemme korleis ein skal velje kunstnar(-ar) eller kunstverk
- Grunngje val av kunstuttrykk og plassering, samt syte for at det vert lagd ei beskriving av kunstverket (materiale, storleik mm), forventa vedlikehald og levetid for kunstverket
- Syte for at kunstprosjektet vert gjennomført i samarbeid med kunstnar(-ane).
Val av kunstnar (-ar) eller kunstverk kan skje på følgjande tre måtar;
- Oppdrag: Det kan kome framlegg om både ein eller fleire namngjevne kunstnarar for direkte oppdrag. Utvalet kan bestemme at det må lagast eit forprosjekt før oppdraget endeleg fordelast. Forprosjekt skal honorerast.
- Konkurranse: Det kan vere open eller lukka konkurranse. Ei opa konkurranse skal kunngjerast; medan ei lukka konkurranse blir skipa til blant namngjeve, inviterte kunstnarar. Ok-utvalet er jury. Norsk Billedkunstnere (NBK) har sett opp eit eige regelverk for slike konkurransar.
- Kjøp av eit ferdig kunstverk. OK-utvalets tilråding skal vektleggast ved kjøp.
Kinn kommune må betale honorar til kunstkonsulent(-ar), og andre utgifter knytt til saksutgreiinga. Dette vert dekkja av prosjektmidlane avsett til utsmykking.
Kunstnar har forsikringsansvar fram til overtaking er gjennomført.
Kommunestyret er ankeinstans.
Økonomi
Ved kommunale byggeprosjekt skal det settast av mellom 0,5% og 1% av byggets enterprisekostnad til kunst i kommunale bygg. Satsen varierer etter type bygg og grad av offentlegheit. Det vert ikkje satt av midlar til utsmykking ved t.d. utskifting av tekniske anlegg eller andre typar vedlikehaldsinvesteringar.
Budsjett for utsmykkingsprosjekt vert lagt inn ved oppstart av kommunale byggeprosjekt og behandlast av formannskap saman med dei andre økonomiske rammene for byggeprosjektet.
I samband med utsmykkingsprosjekt kan det i tillegg søkjast om finansiering frå andre aktuelle kjelder, t.d. offentlege eller private fond eller midlar. Der det er aktuelt skal det søkjast om ekstra økonomisk støtte frå KORO.
Dei avsette midlane skal dekkje alle omkostningar knytt til utsmykkingsprosjektet, inkludert montering og eventuelt honorar til kunstkonsulent.
Kunstgåver til kommunen
Ved kunstgåver til kommunen tek OK-utvalet stilling til om Kinn kommune tek imot gåva eller ikkje. Ved større gåver som vil vere i det offentlige rommet kan OK-utvalet be administrasjonen innhente kunstfagleg ekspertise for å vurdere kvalitet og profesjonalitet. OK-utvalet skal og vurdere heilskapleg tenking og utforming av det offentlege rommet ved plassering av større gåver kommunen tek imot.
Ved førespurnader om kunstgåver skal administrasjonen presentere sak for OK-utvalet, med utgreiing om økonomisk konsekvens der det er naudsynt. Dersom aksept av gåva medfører økonomiske konsekvensar for kommunen skal saka og handamast av formannskap og kommunestyre.
Dersom OK-utvalet vel at kommunen skal ta imot gåva skal det innhentast informasjon om materiale i kunstverket, og det skal lagast ei oversikt over framtidige utgifter knytt til eventuelt reinhald, drift og vedlikehald der det er naudsynt.
Ved mottak av gåva tek Kinn kommune atterhald om retten til å plassere, omplassere eller ved seinare høve fjerne gåva. Gjevar(-ane) kan komme med ynskje om plassering.
Dersom Kinn kommune takkar ja til gåva vert kommunen ved overdraging eigar av kunstverket.
Kostnadar knytt til eventuell frakt, montering, eller andre forhold kring overdraginga av kunstverket må vere avklart på førehand. Alle utgifter knytt til overdraging av kunstverket dekkjast av gjevar(-ane).
Ved bruk av kunstkonsulent til vurdering av gåver vil løn gå over ramma til kultur og kyrkje.