Om kulturminnerLytt til tekstenStopp avspillingDette er ei ressursside for deg som eig eit kulturminne i Kinn kommune. I det følgjande finn du informasjon, lenkjer og lovdata til søknadsportalar for økonomisk støtte. Informasjonen gjeld i hovudsak kulturminne i privat eige. Kulturminner - nokre definisjonar Riksantikvaren gjev ei god oversikt over forskjellen mellom freda, verna og verneverdige kulturminner. Sjå oversikta på freda, verna og verneverdige kulturminner hos Riksantikvaren her. Hos Bygg og bevar finn du ei samla oversikt over ofte brukte omgrep knytt til kulturminner. Sjå oversikta over ofte bruke omgrep hos Bygg og bevar her. Funn av kulturminner Har du funne noko du trur kan være eit kulturminne har du plikt til å melde frå om funnet. Du kan lese meir om korleis du melder frå på Kulturhistorisk museum. Har du eller oppdagar du eit kulturminne på eigedomen din og planlegg tiltak som kan skade, dekkje til eller skjemme det på annan måte, må du så tidleg som mogleg melde frå til Vestland fylkeskommune Sjå nasjonale retningsliner for privat metallsøking her. Søk om økonomisk støtte Vestland fylkeskommune Tilskot til verna kulturminner i privat eige sendast i dei fleste tilfelle til fylkeskommunen. Meir informasjon om tilskot til verna kulturminner finner du på Vestland fylkeskommune si heimeside. Kulturminnefondet Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod til private eigarar av alle typar faste kulturminner. På sida deira finn du og ei god oversikt over andre tilskotsordningar fordelt på statleg, regionalt og kommunalt nivå, samt private fond og legat. Merk at Kulturminnefondet ikkje støttar påbyrja prosjekt. Dette er ei statleg ordning med fortlaupande søknadsfrist. Sjå kulturminnefondet sine sider her. Riksantikvaren Riksantikvaren har ein tilskotsportal med oversikt over ei rekke tilskot og kvar du kan søkje. Sjå Riksantikvaren sine sider her. Bygg og bevar Bygg og bevar er eit samarbeidsprosjekt mellom Klima- og miljødepartementet og Byggenæringens landsforening. Dei har ei god oversikt over tilskot. Sjå oversikta hos Bygg og bevar her. Tips til praktisk arbeid Bygg og bevar har nyttig informasjon om praktisk vedlikehald, restaurering av gamle bygg og enøk-oppgraderingar. Sjå Bygg og bevar sine sider her. Lokale kulturminner Leitar du etter lokale kulturminner? Då kan du nytte nettsidene frå Riksantikvaren her. Dette er ein database med 190 000 registrerte kulturminner. Dei fleste kulturminna kjem frå databasen Askeladden, som vert oppdatert av Riksantikvaren. Kring 10 000 kulturminne i Kulturminnesøk er lagt inn av lokale kulturminnesøk-brukarar. Her kan alle bidra som er interessert. Her finn du informasjon om kulturminner i profesjonell kapasitet. Denne databasen krev at ein får godkjent tilgang av Riksantikvaren for å logge inn. Lovverk Kulturminneloven Forvaltningsloven Plan- og bygningsloven Dekning av utgifter til arkeologisk arbeid ved mindre, private tiltak Publisert 20.09.2019 08.52 Sist endra 04.12.2023 11.20