Kystpilegrimsleia i Kinn kommuneLytt til tekstenStopp avspillingKystpilegrimsleia strekkjer seg frå Egersund til Nidarosdomen i Trondheim. Leia vart godkjent som St. Olavs veg i desember 2017. Leia går over land og vatn i fantastiske omgjevnader langs kysten. Det er 4 regionale pilegrimssenter og 36 nøkkelstadar langs leia – Kinn kommune høyrer til under regionalt pilegrimssenter i Selje, og har to nøkkelstadar – Svanøy hovudgard og Kinn kyrkje. For informasjon om aktivitetar, ruteforslag og annan aktuell informasjon om pilegrimsvandring langs kystpilegrimsleia: Sjå heimesida til kystpilegrimsleia her. Svanøy hovudgard Svanøy er den sørlegaste øya i Kinn kommune – ei frodig øy med ei lang og rik historie. Det er spor av menneskeleg aktivitet heilt frå yngre steinalder og eldre bronsealder. Det eldste kristne sporet ein kan sjå den dag i dag er steinkorset, reist til ære for Olav den Heilage. Øya og godset heitte opphaveleg Bru, og i mellomalderen var godset bispestolgods. Etter reformasjonen i 1537 tilhøyrte godset kongen fram til 1661, og var mellom anna sete for fleire futar. Godset vart selt til erkebiskopen i København i 1661 – Hans Svane – og øya og godset skifta namn i 1685 til Svanøy og Svane – seinare Svanøy – hovudgard. I 1804 kjøpte haugianaren Ole Torjussen Helling garden, og Svanøy hovudgard vart eit sentrum for haugianarane. I denne perioden vart garden påbygd og fekk utsjåande den har i dag. I 1972 tok Svanøy-stiftinga over drifta, med mål om å bevare bygningane på garden og drive næringsutvikling på øya. Det har stått kyrkje på øya frå gamalt av. På 1100-talet sto der ei stavkyrkje, frå 1650-talet ei krosskyrkje i tømmer. Denne vart riven i 1872, då den var i dårleg forfatning og det vart bygd ny kyrkje på fastlandet. For å besøke Svanøy kan ein ta rutebåt frå Florø. Informasjon om reiserute finn du her Dersom ein skal ha med bil må ein tinge plass på førehand. Informasjon om bilbestilling finn du her Det er fleire moglegheiter for overnatting på Svanøy. Merk at hovudgarden skal pussast opp, og vil ikkje vere tilgjengeleg for overnatting i 2023. Her finn du oversikt over overnattingsmoglegheiter Her finn du informasjon om gjestehamn, overnatting, lån av sykkel om sommaren Her finn du informasjon om Svanøy hovudgard som nøkkelstad Her finn du informasjon om Svanøy og kva du kan gjere der Kinn kyrkje På øya Kinn finn ein den eldste steinkyrkja i Sunnfjord – Kinnakyrkja frå 1100-talet. I 900 år har kyrkja tatt imot pilegrimar og andre reisande langs skipsleia. Kyrkja er vakkert restaurert og har enno ein del inventar frå mellomalderen. Mest kjent er lektoriet frå kring 1250-talet, som skal vere eineståande av sitt slag i Noreg. Kinnakyrkja er ikkje berre ein av nøkkelstadane langs Kystpilegrimsleia, men er og utgangspunkt for Sunnivaleia – som strekkjer seg mellom Kinnakyrkja og Selja kloster. Koplinga mellom dei to øyane, der Selja kloster òg er ein nøkkelstad langs kystpilegrimsleia, er eit segn om Sta. Sunniva og systera hennar Borni. I følgje segna bestod følgjet til helgenen av tre båtar, ved Norskekysten kom dei frå kvarandre – Sta. Sunniva kom til Selja og Borni til Kinn, der ho og resten av følgjet slo seg ned under Byrjehellaren. Der er ikkje historiske kjelder for Sunniva-legenda, men koplinga til Sunniva-legenda er nok ei forklaring på kvifor vi no finn Kinnakyrkja ut ved havet. Kyrkja vart renovert i 1911-12 og i 2018-20. Øya Kinn er billaus. For å besøkje øya kan ein ta rutebåt frå Florø. Det går 5 avgangar om dagen måndag – fredag, og 2 i helgene. Om sommaren er det sett opp ekstra avgangar. Informasjon om reiserute finn du her. Nokre av stoppa på Kinn er ringestopp – det betyr at båten berre stoppar på øya dersom mannskapet har fått beskjed om at nokon skal vere med. Telefonnummer til båten finn ein under «merknadar» på Entur. Hugs å ringe i god tid. Det er to overnattingsstader på Kinn. Det er ei hytte eigd av DNT og utleigd av Flora turlag informasjon om fasilitetar og booking finn du her. Det er og mogleg å overnatte ved Kinn gjestehus – informasjon om fasilitetar og booking finn du her. Om sommaren kan ein få med seg Kinnaspelet i juni - Informasjon om Kinnaspelet finn du her. Informasjon om Kinnakyrkja som nøkkelstad. Meir informasjon om øya Kinn og kva du kan gjere der. Mellom Kinnakyrkja og Selja kloster går og Sunnivaleia med eiga merking - Informasjon om Sunnivaleia finn du her. Publisert 03.01.2023 09.05 Sist endra 03.01.2023 09.06