Friskus kommune og aktivitetskalender– to ting som fungerer i lagLytt til tekstenStopp avspillingFriskus kommune er ein «app» du lastar ned til iOS eller Android telefonar på vanleg måte. Appen inneheld nyhende frå oss, snarvegar til digitale tenester vi tilbyr, og Friskus sin aktivitetskalender. Heilt i starten når du har lasta den ned, kan du velje Kinn kommune som kommunen du ønskjer å følgje. Deretter kan du velje ut ulike tema du ønskjer å få nyhende frå oss på.Når du er klar til å bruke appen, har du tre faner nedst i bildet, «Nyheter», «Aktiviteter» og «Selvbetjening».Friskus er aktivitetskalenderen som er innebygd i appen under fana «Aktiviteter». Til å starte med finn du alle arrangement som arrangørar har lagt inn. Du kan sortere på ulike typar arrangement, kor tid dei skjer og kvar i kommunen!Den beste opplevinga får du ved å bruke appen! 😊Korleis laste ned og bruke Friskus kommuneHer kan du sjå ein kort instruksjonsvideo for korleis laste ned og bruke Friskus kommune (CIVIS) på mobilen din. Du må byte ut CIVIS med “Friskus kommune” når du søker i AppStore eller GooglePlay, du kan ev. bruke lenkene nedanfor.Last ned til Android-telefon (GooglePlay)Last ned til iOS-telefon (AppStore) Publisert 20.06.2025 13.34 Sist endra 20.06.2025 13.34