Søk om deltaking på fritidsaktivitet

Kinn kommune si fritidserklæring gir støtte til ein gratis fritidsaktivitet for barn og unge i husstandar med økonomiske og sosiale utfordringar. 

Målet med ordninga er at alle barn og unge (6-18 år) skal ha moglegheita til å delta på ein fritidsaktivitet. Ordninga er for dei barna som ikkje allereie er deltakar på andre betalande fritidsaktivitetar.

Ordninga tar atterhald om at Kinn kommune har midlar tilgjengeleg.

Informasjonen gitt i skjemaet nedanfor blir berre brukt til å få registrert midlane til riktig lag eller organisasjon.

Søk om støtte til deltaking på fritidsaktivitet her