For lag og organisasjonarLytt til tekstenStopp avspillingAlle frivillige lag og organisasjonar og andre aktørar som driv med aktivitetar kan registrere seg som arrangør i Friskus, og bruke løysinga heilt gratis. Det same gjeld deg som berre lurar på kva som skjer.Slik bruker du Friskus, og registrerer du deg som arrangørDu må først opprette ein personleg konto, og deretter registrere ditt lag eller organisasjon her:Opprett ditt lag/organisasjon i Friskus herKrav om organisasjonsnummer - du kan bruke kommunen sittDet er eit krav om at du må ha eit organisasjonsnummer når du registrerer deg som arrangør. Dersom din organisasjon ikkje har eit organisasjonsnummer, men vil framleis registrere dykk og legge ut arrangement, kan du bruke organisasjonsummeret til Kinn kommune. Då skriv du inn følgande organisasjonsnummer: 820 956 532.Her kan du sjå opplæringsvideo med Ida frå Friskus, som viser korleis ein registrerer seg, og bruker Friskus som arrangør.Om du berre vil sjå kva som skjer er det ikkje nødvendig å registrere seg som brukar i Friskus.Lurar du på noko, eller treng hjelp?Friskus har gode hjelpesider for deg som lurar på noko eller treng hjelp. Sjekk ut hjelpesida deira ved å klikke på lenka nedanfor.Friskus hjelpesenter Publisert 20.06.2025 13.30 Sist endra 20.06.2025 13.32