Den kulturelle spaserstokkenLytt til tekstenStopp avspillingDen kulturelle spaserstokken er ei nasjonal kultursatsing med mål om å legge til rette for høg kvalitet av profesjonell kunst- og kulturformidling til eldre. I Kinn kan kunstnarar søke om midlar til dømes for å halde konsertar på omsorgsinstitusjonar. Du kan søke gjennom heile året.Søk om midlar frå den kulturelle spaserstokkenEr du artist, musikar, kunstnar, føredragshaldar, kurshaldar eller liknande, og ønskjer å opptre eller ha aktivitet for seniorar? Vi søker utøvarar og program som passar på ulike arenaer - frå større produksjoner til intimkonsertar og mindre arrangement. Vi ønskjer tilbod innan ulike sjangere, og er hovudsakleg interessert i tilbod med eit tema eller spissa konsept.Dette blir finansiert av midlar frå Den kulturelle spaserstokken.Ulike typar oppdragOppdrag kan vere på institusjon eller på opne arenaer for heimebuande eldre. Publisert 12.10.2023 11.57 Sist endra 05.11.2024 09.25