Søk om deltaking på fritidsaktivitet

Fritidserklæringa skal sikre at alle barn og unge frå 6 til 18 år skal ha høve til å delta på ein fritidsaktivitet – uavhengig av foreldra sin økonomiske eller sosiale situasjon.

Målet med ordninga er at alle barn og unge (6-18 år) skal ha moglegheita til å delta på ein fritidsaktivitet. Ordninga er for dei barna som ikkje allereie er deltakar på andre betalande fritidsaktivitetar.

Ordninga tar atterhald om at Kinn kommune har midlar tilgjengeleg. Det er ikkje mogleg å søke om støtte til allereie betalte fritidsaktivitetar.

Informasjonen gitt i skjemaet nedanfor blir berre brukt til å få registrert midlane til riktig lag eller organisasjon.

Søk om støtte til deltaking på fritidsaktivitet her