Biblioteka tilbyr også appen PressReader med tilgang til eit stort utval norske og internasjonale aviser og magasin. Ønskjer du å lese e-bøker brukar du appen Bookbites. For å nytte Bookbites og PressReader må du ha nasjonalt lånekort og ein PIN-kode. Om du har spørsmål eller treng meir informasjon for å komme i gang – kontakt biblioteket du er lånar hos for hjelp.
Verdensbiblioteket
Verdensbiblioteket er eit digitalt biblioteket. Her finn du lydbøker og e-bøker på mange av dei store innvandrarspråka i Skandinavia. Du les og lyttar på sjølve nettsida. Det einaste du treng å gjere er å lage deg ein brukarprofil med hjelp av e-postadressa di.
Gå til Verdensbiblioteket her
Meirope bibliotek i Kinn kommune
Det meiropne biblioteket byggjer på tillit mellom brukar og bibliotek. Det er vår felles eigedom og skal vere til glede og nytte for alle – du bør difor passe godt på det og halde ro og orden.
Begge biblioteka – Florø og Vågsøy folkebibliotek – er ope kvar vekedag mellom kl. 07:00 og 22:00. Dei ordinære, bemanna opningstidene finn de på kommunen si heimeside.
Det kan vere arrangement på biblioteka i meirope tid, desse vert det informert om på biblioteka sine Facebook-sider.
Dersom det vert avvik i meirope tid, vert det informert om dette på biblioteka si side, på kommunen si heimeside og på det aktuelle biblioteket si Facebook-side.
Personale vil ha kontortid i deler av meirope tid, treng du hjelp av tilsette, kom i biblioteket si ordinære opningstid.
For å få tilgang til meirope bibliotek i Kinn kommune, må du gå innom ditt lokale bibliotek og signere ein meirope-kontrakt. Det er 16 års aldersgrense på tilbodet, og er du under 18 år må du ha signatur av ein føresett på kontrakten. Born under 16 år har tilgang på biblioteklokalet i meirope tid saman med føresett. Dei skal ikkje vere åleine i lokalet i meirope tid.
Merk at kontrakten du signerer gjeld ditt lokale bibliotek i Kinn og ikkje begge – du må signere eigen kontrakt med begge biblioteka om du skal ha tilgang til meirope bibliotek i både Florø og Måløy.
Alle som skal signere kontrakt for meirope, må vere registrerte lånarar hos det aktuelle biblioteket og ha eit lånekort og PIN-kode for seinare innlogging. Har du ikkje PIN-kode får du dette raskt og enkelt ved å kontakte ditt lokale bibliotek.
Innlogging skjer ved ytterdør - i Måløy er det dør i gate 1, og i Florø hovudinngangen til kulturhus (dersom ytterdøra er låst), samt ved inngang til sjølve biblioteket. I Vågsøy folkebibliotek er utgang ved meirope bibliotek dør til gate 1.
Når du skal inn skannar du lånekortet i ein automat ved døra og tastar inn PIN-koden din. Dørene opnar automatisk når du skal forlate lokalet (trykk på døropnar). Merk at kvar gang du forlét lokalet må du logge inn for å opne døra - skal du berre ut ein liten tur må du ta med lånekortet. Informasjon om innlogging lagrast ei stund etter bruk av meirope, deretter vert informasjonen anonymisert til bruk i statistikk.
Kontrakt for tilgang til meirope bibliotek - Vågsøy folkebibliotek (PDF, 362 kB)
Kontrakt for tilgang til meirope bibliotek - Florø folkebibliotek (PDF, 108 kB)
For å oppgradere lånekortet ditt til nøkkelkort forpliktar du deg til å overhalde følgjande reglar:
- For å bruke tilbodet må ein signere kontrakt med biblioteket ein ønskjer tilgang til.
- Vise omsyn til andre, spesielt ved arrangement i biblioteket.
- Halde orden og ta vare på biblioteket ditt. Det skal vere til glede og nytte for alle som brukar det. Rydd opp etter deg før du forlét lokalet.
- Du skal følgje lånereglane.
- Tilgangen er personleg. Kontrakten du signerer gjev deg tilgang til biblioteket, og du er ansvarleg for korleis kortet brukast. Du har ikkje lov å sleppe inn andre i meirope tid. Unntak er foreldre som kan ta med born i meirope tid; du er då ansvarleg for dei og må vere saman med dei medan dei er i biblioteket.
- Lokala må forlatast ved brannalarm, stengetid eller andre varslingar.
- Biblioteket kan fjerne tilgang dersom du bryt reglane for meirope. Gjer du hærverk eller øydelegg noko er det du som er økonomisk ansvarleg. Alvorlege hendingar vert meldt til politiet.
- Når du loggar deg inn i det meiropne biblioteket, vil det bli registrert at du er der. Biblioteklokalet er videoovervaka for at du skal føle deg trygg, og som vern av biblioteket sitt inventar og utstyr.
Florø
- Tilgang til tre datamaskiner kopla til skrivar (ingen skanning førebels).
- Sjølvbeteningsautomat for utlån/bokkasse for innlevering av bøker. All innlevering skal leggast i kassa. Er denne full, legg materiale i skranken. Personalet leverer inn bøkene neste arbeidsdag.
- Sitje- og studieplassar i biblioteklokalet.
- Sjakk- og Ludo/Dammspel i barneavdelinga.
Vågsøy
- Tilgang til to datamaskiner kopla til ein svart/kvitt skrivar.
- Sjølvbeteningsautomat for utlån/hylle for innlevering av bøker. All innlevering skal settast i hylla. Er denne full legg materialet i skranken. Personalet leverer inn bøkene neste arbeidsdag.
- Sitjeplassar i biblioteklokalet. Møterom er ikkje tilgjengeleg via biblioteklokalet i meirope tid, for bruk av møterom må dette avtalast med tilsette på førehand og ein må låne nøkkel.
Fjernlånsbøker (bøker som er innlånt frå andre bibliotek) kan som regel ikkje lånast ut på automaten og er difor utlånte på førehand og kan hentast i området ved automaten. Sjekk at reservasjonsnummeret stemmer med det som står på meldinga du fekk.
I meirope tid er biblioteklokala kameraovervaka. For å nytte biblioteklokalet i meirope tid må du samtykke til at det gjennomførast kameraovervaking i biblioteklokala (GDPR artikkel 6 nr. 1a). Informasjon om meirope finn du i kontrakten du må signere for å få tilgang til meirope-tilbodet. Underskrift på kontrakt gjeld som samtykke.
Du kan når som helst trekke samtykket ditt. Det inneber at du ikkje lenger kan nytte tilbod om meirope bibliotek. I ordinær opningstid er ikkje biblioteket kameraovervaka.
Formålet med overvaking er å ta vare på din tryggleik, og til vern for biblioteket sitt inventar og utstyr. Opptak vert overlevert til politiet for oppklaring av straffbare forhold.
Kameraopptak blir sletta etter 7 dagar.
Du kan bruke eit fysisk lånekort eller digitalt lånekort for å låse deg inn på biblioteket og for å låne bøker på utlånsautomaten. For å få tilgang til det digitale lånekortet ditt kan du følgje denne oppskrifta:
- Logg inn på «Meg & mitt» med lånekortnummer/e-postadresse og pinkode. Merk: Dette må du gjere via mobil.
- Du finn då lånekortet nedst på sida. Tips: Ta eit skjermbilete av lånekortet og lagre det på mobilen, så slepp du å gjere same prosessen kvar gong du skal bruke det.
Alle besøkande til folkebiblioteka i Kinn skal oppleve at biblioteket er ein god stad å vere. Difor må alle som oppheld seg på biblioteket overhalde følgjande reglement:
- Besøkande må rette seg etter gjeldande regelverk for biblioteket, alminneleg god folkeskikk og norsk lov.
- Det er ikkje tillete å opphalde seg på biblioteket i ruspåvirka tilstand. Det er ikkje tillete å bruke, kjøpe eller selje alkohol eller andre rusmiddel i eller i umiddelbar nærleik til biblioteket sine lokalar.
- Brot på ordensrglementet kan føre til midlertidig bortvisning frå biblioteket. Personar som er til sjenanse på grunn av støy, lukt, sjikane og anna upassande åtferd kan visast vekk frå biblioteket. Truslar og valdeleg åtferd medfører bortvisning og vil bli meld til politiet.
- Alvorlege eller gjentekne brot på ordensreglementet kan føre til utestengjing eller sperra lånekort for ein lengre periode.
Filmotek - filmstrøymeteneste hos biblioteka
No kan du strøyme film gratis på Filmoteket gjennom ditt lokale folkebibliotek!
Tenesta har eit utval av både norske og utanlandske filmar, av nyare og eldre årgang. Her finn d alt frå dokumentarar, OSCAR vinnarar og indie-filmar, til blockbustere og teiknefilmar for born.
Gjennom Filmoteket kan du låne opp til 8 filmar i månaden. Dei lånte filmane kan du strøyme så mange gongar du vil over 48 timar. Filmane kan strøymast på alle plattformar og på alle nettlesarar, og ein kan overføre filmane til større skjerm med t.d. Chromecast. Tenesta er berre tilgjengeleg for norske IP-adresser.
For å bruke Filmoteket må du ha eit nasjonalt lånekort tilknytt Florø eller Vågsøy folkebibliotek og ein PIN-kode. Dersom lånekortet ditt er registrert hos fleire bibliotek må du anten ha Florø eller Vågsøy folkebibliotek som heimebibliotek for å nytte tilbodet.
Første gong du brukar Filmoteket må du registrere deg her
- Tast inn lånekortnummer og PIN. Her brukar du same PIN som du brukar til å logge inn på Meg&mitt
- Fyll inn e-postadresse og vel eit passord. Dette passordet brukar du når du skal logge inn på Filmoteket.
- Du får tilsendt ein e-post som stadfestar innmeldinga. Sjekk e-posten din, og stadfest denne.
- No kan du låne filmar!
Har du spørsmål eller problem med å registrere deg – kontakt ditt lokale bibliotek og vi hjelper deg.
Vågsøy folkebibliotek
Vi har møterom til låns med plass til 12 personar. Rommet har videokonferanseutstyr og skjerm. For avtale om lån kontakt Vågsøy folkebibliotek på e-post.
Barnehagar og skuleklasser er hjartleg velkomne på besøk. Dersom de ynskjer rettleiing eller eit opplegg knytt til besøket kontakt Tamara Sortland for å avtale dato og tidspunkt.
For høgtlesing for barnehagegrupper ynskjer vi besøk onsdagar før 12:00 etter avtale.
Vågsøy folkebibliotek tilbyr oppsøkjande bibliotek for dei med særskilte behov ein gong i månaden. Kontakt biblioteket for å avtale besøk heim.
I barneavdelinga er det PlayStation med spel til utlån i skranken.
Følg oss på Facebook for oppdateringar og informasjon om arrangement og aktivitetar på biblioteket.
Adresse: Gate 1 nr. 82, 6700 Måløy
Tlf. 57 84 51 30
E-post: vagsoyfolkebibliotek@kinn.kommune.no
Websøk: Vågsøy folkebibliotek
Facebook - Vågsøy folkebibliotek
Florø folkebibliotek
Adresse: postboks 73, Markegata 51, 6905 Florø
Tlf. 57 75 60 55
E-post: florofolkebibliotek@kinn.kommune.no
Websøk: Florø folkebibliotek
Facebook - Florø folkebibliotek