Vil du bli ein folkeforskar?

Ein folkeforskar er ein som bidreg med nyttige observasjonar og data til glede for forskarar og andre interesserte. Det er mange ting du som enkeltperson kan bidra med for at kunnskapen om klimaendringar og naturmangfald blir betre. Nedanfor er det lista opp nokre nettstadar du kan bruke for å registrere observasjonar du har gjort, enten du er interessert i ekstremvêr, fugl, fisk, sopp eller mose.  

Vêr og vind 

Netatmo-kartet 

Netatmo-kartet viser Netatmo-stasjonar plassert ut av hovudsakleg privatpersonar. Her kan du sjå svært lokale vêrdata. Eigen Netamo-stasjon kan du kjøpe i dei fleste butikkar som sel elektronikk. 

Naturmangfald 

Artsobservasjoner - for registrering av artar av artsdatabanken 

Her kan du legge inn eigne observasjonar (fyst må ein opprette personleg brukarkonto). I tillegg har artsdatabanken eit kart der du kan sjå kva andre har lagt inn. Då går du til artskart. Du kan zoome inn i kartet, eller søke opp artar som du er spesielt interessert i. 

Kommunen jobbar kontinuerleg med å legge inn parkslirekne (Reynourtria japonica), og oppmodar spesielt om å registrere dette, eller melde ifrå til kommunen dersom førekomsten ikkje allereie er lagt inn.  

Artsdatabanken har i tillegg utvikla ein app for mobil: Artsorakelet.

Amber Barrier Tracker- For registrering av vandringshinder i vassdrag

Her lastar du ned app til telefon for å gjennomføre registreringar.