Varsling om forureining eller forsøplingLytt til tekstenStopp avspillingKinn kommune skal vere ein kommune med rein natur og gode rutinar for varsling, registrering og handtering av ureining og forsøpling.Meld frå til kommunen om forureiningBeredskap om akutt forureiningAkutt forureining er utslepp som oppstår plutseleg og ikkje er tillate. Alle som oppdagar dette har plikt til å varsle umiddelbart. Forureiningslova og forskrift om kommunal beredskap mot akutt forureining pålegg kommunane å vere førebudde på slike hendingar. Kommunane skal verne det ytre miljø, redusere skade og sikre rask innsats der privat beredskap ikkje strekk til. Kontakt brannvesenetRing 110 (brannvesenet) – også ved utslepp på privat område.Alle som oppdagar akutt forureining pliktar å varsle dette på nødnummer (brannvesenet). Dette gjeld også dersom utsleppet er på privat område. Den som forureinar har alltid ansvar for å stanse utsleppet, rydde opp og avgrense skade, også når offentlege aktørar bistår i arbeidet. Marin forsøpling kan varslast til Holde Norge Rent.IUA NordfjordKinn samarbeider om beredskap gjennom interkommunale utval (IUA). IUA Nordfjord omfattar kommunane Kinn, Stad, Bremanger, Stryn og Gloppen, med Kinn kommune som vertskommune.Samarbeidet skal sikre rask og effektiv innsats ved akutt forureining, både på sjø, veg og i industri.For meir informasjon om IUA Nordfjord besøk deira heimeside her. Publisert 30.01.2023 10.00 Sist endra 30.04.2026 13.08