Heimehjelp - praktisk bistand i heimenLytt til tekstenStopp avspillingReinhald i private bustader (praktisk hjelp) vert i Kinn kommune utført av tenesteområde reinhald. Gå til søknadsskjema for praktisk bistand i heimen Kva kan teneste hjelpe deg med? Vi utfører reinhald og sengeskift i private heimar etter vedtak Vi utfører ikkje hovudreinhald (nedvask) og vindaugsvask Kva kan du forvente deg av tenesta? At du og heimen din blir behandla med respekt At vi har synleg legitimasjon At du får ein kontaktperson som du kan kontakte ved behov At dei tilsette har naudsynt kompetanse. Nokre gonger kan det forekomme at det kjem vikarar/lærlingar heim til deg fordi vi er ei lærande bedrift Vi vil så langt som mogleg komme til avtalt tid Dette forventar vi av deg At du eller andre i husstanden er heime når vi kjem At du gjer dei aktivitetane som du klarar sjølv At du er positiv til å prøve ut ny teknologi (velferdsteknologi) som kan hjelpe deg med at kvardagen din vert enklare og meir sjølvstendig At du låser opp for oss om du kan, sjølv om vi har nøkkel At du har synleg namn og nummer på huset ditt, og opplyst inngang At du gir beskjed til oss i god tid om du ikkje treng hjelp eller du skal reise vekk At du lufter godt inne om du røyker, og ikkje røyker rett før vi kjem At du gir tilbakemelding dersom behovet ditt endrar seg og/eller du ikkje er fornøgd med dei tenestene du får Slik søker du Bruk vårt skjema for søknad om omsorgstenester. Betaling Det vert kravd betaling for heimehjelp. Betalingssatsen vert rekna ut frå husstandens samla skattbare nettoinntekt før særfrådrag fastsett etter siste tilgjengelige likning pr.01.01.kvart år. Slik behandler vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegger søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til søknaden du har levert. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Du kan klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til leiar for tildeling. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følge. Dette får du melding om. Klaga skal sendast: Kinn kommune v/ tildeling helse og velferdstenester, postboks 294,6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Lov om pasient og brukerrettigheter Lov om kommunale helse og omsorgstjenester Forvaltningslova Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 20.09.2019 09.11 Sist endra 05.11.2024 12.39