Med eit følgjekort kan du gratis ta med deg ein følgjeperson på kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga er akseptert. Du må betale for deg sjølv på vanleg måte. Kortet er personleg.
Følgjekort er berekna for personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, som har behov for hjelp eller følgje over ein periode på minst to år.
Følgjekort vil blant anna vere aktuelt for personar med
- rørslehemming
- høyrselshemming
- synshemming
- utviklingshemming
- allergiar
- funksjonshemming som følgje av sjukdom, for eksempel psykiske lidingar, hjartesjukdommar, lungesjukdommar og anna.
Det er ingen øvre eller nedre aldersgrense på følgjekort.
Følgjekortet gjeld for kultur- og fritidsarrangement, transportmiddel og liknande der ordninga akseptert.
Kortet er vanlegvis gyldig i fem år.
Å søke om følgjekort er gratis.
Ved utgått kort må du sende oss ein ny søknad ved å bruke elektronisk skjema eller papirskjema. Saman med søknaden må du levere:
- Uttale frå fastlege, spesialisthelseteneste, psykolog, offentleg godkjent helseinstitusjon eller helse og omsorgstenesta i kommunen, som forklarar kvifor du har behov for følgjekort
- Foto (av ansiktet, kan takast med mobil)
Søknad om følgjekort (elektronisk søknad)
Søknad om følgjekort (papir) (PDF, 60 kB)
Det er ingen søknadsfrist. Søknadar vert handsama etter kvart som dei kjem inn til oss. Dersom vi treng ytterlegare opplysningar, innhentar vi dette. Får du avslag på søknaden, vert det forklart kvifor i vedtaket. Behandlingstid er inntil tre veker.
Digitalt følgjekort
Kinn kommune tilbyr digitalt ledsagerbevis (følgjekort). Med appen “Ledsagerbevis” har du følgjekortet tilgjengleg på telefonen din. Du kan også sjå følgjekortet ditt på ledsagerbevis.no.
I søknaden spør vi kva for type kort du ønskjer, du kan velge om du vil ha fysisk eller digitalt.
Ofte stilte spørsmål om digitale følgjekort
Dersom du har vedtak på følgjekort, og ønskjer digitalt kan du fylle ut det elektroniske skjemaet under. Du kan også kontakte servicekontoret på telefon 57 75 60 00.
Digitalt følgjekort - søknadsskjema
Dersom du ønskjer at andre skal ha tilgang til kortet, kan du ordne dette via appen.
I appen:
- Klikk på dei tre strekane oppe til høgre
- Vel “Gi andre personar tilgang”
- Legg inn namn og telefonnummer til den som skal ha tilgang
- Klikk på “Gi tilgang”
- Personen som har fått tilgang får ein SMS
- Personen lastar ned appen, og loggar seg på med telefonnummer og kode
Du kan når som helst fjerne personar med tilgang til kortet.
Alle som har rollen eigar eller administrasjonsrett får tilgang til denne funksjonaliteten dersom dei har norsk personnummer og er fylt 18 år.
Dersom du vert logga ut av appen, kan du logge inn på nytt med telefonnummer og koden du får tilsendt. Du må logge inn på nytt kvar 6. månad.
Når du byttar telefon, må du laste ned appen på nytt og logge inn med telefonnummer og koden du får tilsendt.
Når du byttar telefonnummer, må du kontakte kommunen slik at vi kan registrere ditt nye nummer. Deretter kan du logge inn med ditt nye nummer og koden du får tilsendt.
Publisert 20.09.2019 09.09
Sist endra 13.02.2026 08.03