Ordninga omfattar både omsorgsytarar utan omsorgsplikt og foreldre som har omsorgsplikt for sine mindreårige born.
Ingen har lovfesta rett til omsorgsstønad, men kommunen har ein plikt til å tilby ordninga.
Omsorgsstønad er ein økonomisk yting som kan bli gitt til personar som har eit særleg tyngande omsorgsarbeid, og kan ytast i staden for eller i tillegg til andre helse og omsorgstenester.
Kommunen avgjer om omsorgsstønad skal tildelast eller om tenestebehovet skal dekkast på annan måte.
Omsorgsstønad er skattepliktig og gjev opptening av pensjonspoeng.
Dersom du oppfyller kriteria for både hjelpestønad frå NAV og kommunal omsorgsstønad, skal du bruke hjelpestønad først. Kommunen tek omsyn til hjelpestønad ved tildeling og utmåling av omsorgsstønad.
Du må difor søke om hjelpestønad før eller parallellt med søknad om omsorgsstønad.
For å få tildelt omsorgsstønad må kommunen ha vurdert det som den mest føremålstenlege måten å yte teneste på i kvart einskild tilfelle.
Du kan søke om omsorgsstønad når du yter eit særleg tyngande omsorgsarbeid til pårørande/brukarar som bur i eigen heim.
Godtgjersla gjeld både gifte/sambuarar eller andre frivillige omsorgsytarar, samt foreldre som har omsorgsplikt for sine mindreårige born.
Det er ingen øvre aldersgrense for å ta imot omsorgsstønad.
Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka.
Vurdering
Vi kartlegger søknaden din før du får svar.
Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til søknaden du har levert.
Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet.
Vedtakt om omsorgsløn kan klagast på etter Lov om pasient og brukerrettigheter §7-2.
Klagefristen er 4 veke etter at vedtaket er motteke jf. Lov om pasient –og brukerrettigheter §7-5.
Klaga må grunngjevast og du må fortelle kva du ønskjer vedtaket omgjort til. Dersom du treng hjelp og rettleiing, kan du vende deg til tildelingskontoret.
Kommunen pliktar å ta saka opp til ny vurdering. Dersom det ikkje vert gjeve medhald vert klaga send til Fylkesmannen for vurdering og endeleg avgjerd.
Klaga skal sendast:
Kinn Kommune v/ Tildeling helse og velferdstenestar, postboks 294,6701 Måløy.
Publisert av Henrik Ulriksen
Publisert 13.05.2020 13.27
Sist endra 06.03.2025 10.25