Ønsker du ei aktiv fritid saman med andre, men treng hjelp for å få det til på grunn av funksjonshemming, eller sosiale vanskar? Då kan du søke om fritidskontakt.
Gå til søknadsskjema for fritidskontakt
Ein fritidskontakt er ein person som skal bistå ein annan person til å ha ei aktiv og meiningsfylt fritid. Fritidskontakta kan besøke deg heime, eller de kan delta på ulike aktivitetar saman, til dømes kino, kafé, turar eller arrangement.
Tilbod om fritidskontakt vert vanlegvis gitt for nokre timar i veka. Alle som jobbar som fritidskontakt har teieplikt.
Barn og voksne som har behov for hjelp, for eksempel på grunn av
- fysisk eller psykisk sjukdom
- skade eller liding
- sosiale problem
kan ha rett på fritidskontakt. Alle kommunar har ei plikt til å ha ei fritidskontaktordning. Når du søker om fritidskontakt vil kommunen i samarbeid med deg avklare om du har rett på fritidskontakt. Fritidskontakt er ei gratis ordning, men du må sjølv rekne med å dekke eigne utgifter når du er saman med fritidskontakta, det gjeld til dømes inngangspengar til svømmehall, kinobillett, mat og liknande.
Fritidskontakt kan du få både som eit individuelt tilbod, eit gruppetilbod eller i samarbeid med ein frivillig organisasjon.
Vurdering
Vi må kartlegge situasjonen din før søknaden kan svarast på.
Vi vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden, og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til kartlegginga.
Du får beskjed om du får innvilga søknaden din, og kva teneste du får tildelt.
Dersom det kan tenkast at du blir utilfreds med vedtaket, vil du få ei særskilt grunngjeving. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet.
Om du ikkje er nøgd med vedtaket du har fått, kan du klage. Dette gjelder både dersom du er ueinig i tal timar du har fått, eller du har fått avslag på søknaden.
Klaga må grunngjevast, og du må fortelle kva du ønskjer vedtaket omgjort til. Dersom du treng hjelp og rettleiing, kan du vende deg til tildelingskontoret. Kommunen pliktar å ta saka opp til ny vurdering. Dersom det ikkje vert gjeve medhald, vert klaga send til Fylkesmannen for vurdering og endeleg avgjerd.
Klaga skal sendast:
Kinn kommune v/ Tildeling helse og velferdstenester, postboks 294, 6701 Måløy.
Publisert 20.09.2019 09.05
Sist endra 05.11.2024 12.24