Brukarstyrt personleg assistent (BPA)Lytt til tekstenStopp avspillingDersom du har nedsett funksjonsevne og behov for hjelp i dagleglivet, kan du få praktisk og brukarstyrt personleg assistanse (BPA). Hjelpa kan du få både i og utanfor heimen din.Gå til søknadsskjema for brukarstyrt personleg assistent Kva kan vi hjelpe deg med? BPA-ordninga skal bidra til likeverd, likestilling og samfunnsdeltaking for personar med nedsett funksjonsevne. Målet er at du skal få eit aktivt og mest mogleg uavhengig liv. BPA-ordninga er brukarstyrt, det vil seie at du sjølv er arbeidsleiar og påtek deg ansvaret for organisering og innhald av tenesta. Har du rett til BPA? Dette er ei lovpålagd teneste, du kan ha rett til BPA dersom: Du er sterkt funksjonshemma Du er under 67 år med eit langvarig og stort behov (minst 25t/veke) for praktisk og personleg hjelp i dagleglivet Retten til BPA gjeld også for personar med foreldreansvar for heimebuande barn under 18 år med nedsett funksjonsevne. Brukarstyrt personleg assistanse omfattar også brukarar som ikkje kan ta hand om brukarstyringa sjølv. Dette inneber blant anna at personar med utviklingshemming, og familiar med barn med nedsett funksjonsevne, kan få brukarstyrt personleg assistanse. Brukarstyringa ivaretakast då av andre personar på vegner av eller i samarbeid med brukaren. Unntak er viss kommunen kan dokumentere at organisering av ordninga vil føre til vesentleg auka kostnad for kommunen. Kva kan du forvente av oss? At du og dine pårørande blir behandla med respekt At du får ein kontaktperson som har hovudansvar for den hjelpa som du mottar Kva forventar vi av deg? BPA-ordninga er brukarstyrt, det vil seie at du sjølv er arbeidsleiar og påtek deg ansvaret for organisering og innhald av tenesta. Korleis søke Bruk vårt elektroniske skjema for å søke omsorgstenester. Slik handsamar vi søknaden din Vurdering Før søknaden vert ferdigbehandla, vil vi kartlegge ønska og behova dine nærmare. Normalt vil vi kome på heimebesøk. Deretter blir det gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt BPA eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar. Behandlingstid Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan gjerast vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det vil bli gjort eit vedtak. Du kan klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til leiar for tildeling. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følge. Dette får du melding om. Klaga skal sendast: Kinn kommune v/ tildeling helse og velferdstenester, postboks 294,6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommuneHelse- og omsorgstjenestelovenKommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenesterBrukarstyrt personleg assistansePasient- og brukerrettighetslovenRett til brukarstyrt personleg assistanseInformasjon frå RegjeringaRettighetsfesting av brukerstyrt personlig assistanse (BPA) (I-9/2015)Brukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)Rett til egen tros- og livssynsutøvelseBrukerstyrt personlig assistanse (rundskriv)Informasjon frå Helsenorge.noHjelpetilbud i kommunenOm brukerstyrt personlig assistanse (BPA)Informasjon frå HelsedirektoratetPasient og tolk. En brosjyre om tolk i helsetjenesten Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 20.09.2019 09.06 Sist endra 06.03.2025 08.48