Avlasting for barn og ungeLytt til tekstenStopp avspillingAvlasting er eit tilbod til menneske og familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåve i høve barn og unge med nedsatt funksjonsevne.Gå til søknadsskjema for avlasting Kva kan tenesta hjelpe deg med? Avlastingstilbodet skal vere med på å gjere det mogleg for omsorgsytar å oppretthalde gode familierelasjonar, bevare sosiale nettverk, hindre overbelastning og gje moglegheit for naudsynt og regelmessig fritid og ferie. Kven kan søke om avlasting? Du kan søke avlasting om du er pårørande til eit barn med store pleie- og omsorgsbehov, og det gir deg eit særleg tyngande omsorgsarbeid. Vi vektlegg følgjande i vår sakshandsaming Tal timar per månad med omsorgsarbeid Om omsorgsarbeidet er særleg fysisk eller psykisk belastande Om omsorgsarbeidet pågår om natta eller gir avbrudd i nattesøvnen Les meir om avlasting hos Helsenorge Slik søker du Bruk vårt elektroniske skjema for å søke omsorgstenester. Slik behandler vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysingar om når du kan vente at det vert gjort vedtak i saka. Vurdering Vi kartlegger søknaden din før du får svar. Sakshandsamar vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til søknaden du har levert. Når det vert gjort vedtak i saka vil det i vedtaket gå fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta omfattar. Du skal alltid få ei grunngjeving om det kan tenkast at du er ueinig i vedtaket. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte oss. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Du kan klage på vedtaket Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til leiar for tildeling. Kommunen pliktar då å ta ei ny vurdering. Blir avgjerda ståande, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klaga skal takast til følge. Dette får du melding om. Klaga skal sendast: Kinn kommune v/ avlasting, postboks 294,6701 Måløy. Kva kostar tenesta? Avlasting til barn og unge er gratis. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommunePasient og brukarrettighetslovaLov om kommunale helse- og omsorgstenester Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 25.05.2020 10.53 Sist endra 21.03.2025 08.39