Formålet med omsorgsbustader er å kunne tilby deg med nedsett funksjonsnivå tilrettelagt bustad, slik at du kan ha eit mest mogleg sjølvstendig liv.
- Du må vere over 18 år, og ha vore folkeregisterført i kommunen i minimum dei to føregåande åra
- Du har helsesvikt og/eller er fysisk eller psykisk funksjonshemma
- Noverande bustad kan i liten eller ingen grad tilpassast og privat marknad er prøvd ut
- Det må vere eit omfattande hjelpebehov og du vil få vedtak på ulike tenester etter behov i tillegg til omsorgsbustaden
- Alle andre tiltak lågare på omsorgstrappa skal vere utprøvd
- Tildeling av teneste skjer på bakgrunn av søknad som vert handsama av tildelingseininga og som resulterer i einskildvedtak.
- Personar med samtykkjekompetanse må sjølv ynskje tenesta.
- Tildeling av omsorgsbustad kan hindre eller utsetje behov for institusjonsopphald, og gje søkjar auka sjølvstende i eigen kvardag.
- Leigeforholdet vert regulert av Husleigelova
- Leigeavtale vert inngått med kommunen
- Leigetakar kan søke bustønad
- Du må sjølv møblere bustaden og ha eiga innbuforsikring
- Tepper er ikkje ønskjeleg
- Du må sjølv melde flytting til Folkeregisteret, Posten mm.
- Hjelpemiddel bør vere på plass før innflytting
- Dersom du ikkje lenger støttar krava, vil tenesta bli evaluert
Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer
- Inn og utflytting av omsorgsbustader
- Nedvask av omsorgsbustader
- Andre tenester må søkjast om i tillegg
Dette forventar vi av deg
- Vi forventar at du har vurdert nødvendige utbetringar av eigen bustad før du søkjer omsorgsbustad
- Det vert forventa at du har vurdert å kjøpe eller leige funksjonell bustad på den private marknaden, men at dette ikkje har ført fram
- Du opptrer respektfullt i møte med tenesteytar
- Du gjer deg kjend med vedtaket
Du må betale husleige etter Kinn kommune sine gjeldande gebyr og betalingssatser.
Vedtak om omsorgsbustad kan klagast på etter pasient og brukerrettighetsloven § 7-2.
Klagefristen er 4 veke etter at vedtaket er motteke.
Klaga må grunngjevast og du må fortelle kva du ønsker vedtaket omgjort til. Dersom du treng hjelp og rettleiing, kan du vende deg til tildelingskontoret.
Kommunen pliktar å ta saka opp til ny vurdering. Dersom det ikkje vert gjeve medhald vert klaga send til Statsforvaltaren for vurdering og endeleg avgjerd.
Klaga skal sendast:
Kinn Kommune v/ Tildeling helse og velferdstenestar, postboks 294,6701 Måløy.
Publisert 02.01.2024 11.26
Sist endra 02.01.2024 11.26