Heildøgns bemanna omsorgsbustadLytt til tekstenStopp avspillingDersom du ikkje lenger kan bu i din eigen private bustad, sjølv med mykje bistand frå heimetenesta, kan du få tilbod om omsorgsbustad som har bemanning tilgjengeleg heile døgnet (HDO bustad). Bustaden skal være tilrettelagt slik at du kan utføre dine daglege gjeremål på same måte eller betre enn før. Omsorgsbustaden reknast som heimen din, og du må derfor betale husleige som i eit vanlig leigeforhald. Andre helse- og omsorgstenester kan du søkje om og betale for på same måte som når du budde heime. Gå til søknadsskjema for omsorgsbustad Kva kan tenesta hjelpe deg med? Vi tilbyr omsorgsbustader for å gje deg som er eldre eller pleietrengande ein god bustad som er tilrettelagt for omfattande pleie og omsorg utanfor institusjon. Bustadene er tilpassa orienterings- og rørslehemma, slik at du kan ta imot heildøgns pleie og omsorg. Dei er tilknytt eit bufellesskap, med felles kjøkken og stove. På Kulatoppen omsorgssenter i Måløy og i 1. etg i Markegata 55 i Florø, har vi tilrettelegging med skjerming for demente. Dei andre omsorgbustadene er per i dag ikkje tilrettelagt for skjerming. Per i dag har Kinn kommune HDO bustadar fordelt slik: Markegata 55 Kulatoppen Skaretun Når kan du få omsorgsbustad? Du må vere ute av stand til å skaffe deg bustad på den private marknaden. Vi vurderer først om den eksisterande bustaden kan leggast til rette med hjelpemiddel. Pleie og omsorgsbehovet må på førehand ha ein varig karakter. Praktisk bistand, heimesjukepleie og dagsentertilbod må vere utprøvd. Kva kan du forvente deg av tenesta? Saman med deg vurderar vi din livssituasjon og tenestebehov, og om du skal tildelast omsorgsbustad. Du får tildelt heimeteneste etter behov også når du bur i omsorgsbustad. Du får informasjon, råd og rettleiing, og tildelte tenestar etter ditt eige behov for å kunne bu i bustaden. Du får alle måltid i sosialt fellesskap med andre bebuarar. Bustaden har moderne alarmsystem slik at du enkelt får kontakt med tilsette dersom du treng hjelp. Dette forventar tenesta av deg Du søkjer om tildeling av omsorgsbustad sjølv. Du set deg inn i husleigekontrakta. Du veit at du kan få tildelt ein anna bustad enn den du helst vil ha. Du gjev melding dersom du ikkje ønskjer den bustaden vi har tilbudt deg. Slik behandler vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente svar på søknaden. Vurdering Vi må kartlegge situasjonen din før søknaden kan svarast på. Vi vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden, og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til kartlegginga. Du får beskjed om du får innvilga søknaden din, og kva teneste du får tildelt. Dersom det kan tenkast at du blir utilfreds med vedtaket, vil du få ei særskilt grunngjeving. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Betaling Du betalar ein eigenandel for den praktiske hjelpa og for mat. Denne eigenandelen er berekna etter inntekta di. Slik kan du klage Vedtaket kan klagast på. Lovheimel: Lov om pasient og brukerrettigheter §7-2. Klagefristen er 4 veker etter du har motteke vedtaket jf. Lov om pasient –og brukerrettigheter §7-5. Klaga må grunngjevast, og du må fortelle kva du ønskjer vedtaket omgjort til. Dersom du treng hjelp og rettleiing, kan du vende deg til tildelingskontoret. Kommunen pliktar å ta saka opp til ny vurdering. Dersom det ikkje vert gjeve medhald, vert klaga send til Fylkesmannen for vurdering og endeleg avgjerd. Klaga skal sendast: Kinn kommune v/ Tildeling helse og velferdstenester, postboks 294, 6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Forvaltningsloven Helse- og omsorgstjenesteloven Pasient- og brukerrettighetsloven Verdighetsgarantiforskriften Publisert 08.05.2020 10.06 Sist endra 05.11.2024 12.24