Butilbod til deg med psykisk utvikingshemmingLytt til tekstenStopp avspillingKommunen skal medverke til å skaffe bustadar til deg som ikkje kan skaffe deg tilrettelagt bustad. Dette kan vere bustadar med særleg tilpassing, og med hjelpe- og vernetiltak, for deg som treng det på grunn av alder, funksjonshemming eller av andre årsakar. Gå til søknadsskjema Vi tildeler bustad til deg med utviklingshemming. Om du har utviklingshemming og er over 18 år, kan du søke kommunen om eit tilrettelagt bustadtilbod. Kva er eit tilrettelagt bustadtilbod? Bustaden skal vere trygg og bidra til utvikling, meistring og sosialt fellesskap. Som bebuar skal du ha moglegheit for sjølvråderett og påverknad på ditt eiga liv. Nokre av bustadane har bemanning heile eller delar av døgnet. Eit bufellesskap består av fleire leiligheiter samla i same husvære. Nokre av bufellesskapa har fellesareal. Kven kan få tilrettelagt bustad? For å få tildelt tilrettelagt bustad må du ha ha ein utviklingshemming og vere over 18 år. Om du får tildelt ein bustad, kan du søke naudsynte helsetenester ut frå dine behov. Er du utviklingshemma og bur i ein privat bustad, kan du sjølvsagt også søke heimeteneste ut frå dine behov. Om du bur i ein kommunal bustad, blir det inngått ei leigeavtale med bustadkontoret i Kinn. Du kan søke om bustøtte. Søknad om bustøtte Betaling Om du får praktisk bistand/heimehjelp, må du betale etter vanlege kommunale satsar. Slik behandler vi søknaden din Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogleg. Dersom det ikkje kan avgjerast innan 4 veker, skal du ha skriftleg melding om dette, med opplysningar om når du kan vente svar på søknaden. Vurdering Vi må kartlegge situasjonen din før søknaden kan svarast på. Vi vil kontakte deg for å snakke med deg om søknaden, og avtale eit heimebesøk om det vert vurdert som naudsynt i høve til kartlegginga. Du får beskjed om du får innvilga søknaden din, og kva teneste du får tildelt. Dersom det kan tenkast at du blir utilfreds med vedtaket, vil du få ei særskilt grunngjeving. Dersom du ikkje får denne grunngjevinga, og du er misfornøgd med vedtaket, kan du få ei slik grunngjeving ved å kontakte leiar for tildeling. Dette må skje innan 3 veker etter du har mottatt brevet. Du kan klage Vedtak om omsorgsbustad kan klagast på. Lovheimel: Lov om pasient og brukerrettigheter §7-2. Klagefristen er 4 veker etter du har motteke vedtaket jf. Lov om pasient –og brukerrettigheter §7-5. Klaga må grunngjevast, og du må fortelle kva du ønskjer vedtaket omgjort til. Dersom du treng hjelp og rettleiing, kan du vende deg til tildelingskontoret. Kommunen pliktar å ta saka opp til ny vurdering. Dersom det ikkje vert gjeve medhald, vert klaga send til Fylkesmannen for vurdering og endeleg avgjerd. Klaga skal sendast: Kinn kommune v/ Tildeling helse og velferdstenester, postboks 294, 6701 Måløy. Lover og retningsliner Prinsipp og kriterium for tildeling av tenester i Kinn kommune Lov om pasient og brukerrettigheter Lov om kommunale helse og omsorgstjenester Forvaltningslova Offentlighetsloven Plan- og bygningsloven Publisert av Henrik Ulriksen Publisert 20.09.2019 09.06 Sist endra 05.11.2024 12.24