Psykososialt kriseteam

Kommunen har ansvar for å gi eit heilskapleg og samordna hjelpetilbod til menneske i kommunen. Ein del av dette ansvaret er å yte eit koordinert tilbod av kommunale tenester og psykososiale tiltak ved kriser, ulukker og katastrofar.

Psykososialt kriseteam si oppgåve er å samordne den psykososiale innsatsen som trengs i ein krisesituasjon og sikre at dei som er råka får nødvendig oppfølging. Kriseteamet arbeider proaktivt og kan vere ein ressurs som gjev krisehjelp til enkeltpersonar eller grupper av personar i ein krisesituasjon. Det er kommunedirektør og/eller legevakt som kan varsle kriseteamet ved leiar.

Leiar psykososialt kriseteam Måløy
Stine Aase Myhre

Leiar psykososialt kriseteam Florø
Erik Onstad